Gry Norshusstuen

Ny trenarkoordinator i Surnadal ILs fotballgruppe

Fotballgruppa i Surnadal Idrettslag har tilsett Gry Norshusstuen som ny trenarkoordinator frå og med 1. februar. Gry er 28 år, og tek over stillinga etter Webjørn Holten, som no trenar A-laget, melder Surnadal IL i si pressemelding.

Gry har brei erfaring frå fotballen, og starta sjølv å spele då ho var fem år gamal. Ho vart i moderklubben Follebu fram til ho som 13-åring meldte overgang til Lillehammer Kvinnefotballklubb.

Då Gry var 15 år gammal spelte ho 2. divisjonsfotball for Lillehammer, i tillegg til at ho spelte for Noreg sitt U17-landslag. Året etter trena ho med Eli Landsem sitt topplag, Asker, før det vart overgang til Gjøvik og 1. divisjonsspel der frå ho var 17-19 år. Gry har med andre ord spelarerfaring frå fotball på høgt nivå.

Som trenarkoordinator i fotballgruppa vil Gry få ansvaret for Gutar og Jenter 14 og yngre, og vil jobbe tett både med trenarar, spelarar og resten av den sportslege leiinga i fotballgruppa. I tillegg vil ho sjå til at klubben driv spelar- og trenarutvikling i tråd med sin eigen sportsplan.

Det er ikkje første gong Gry, som til dagleg jobbar på Sport1 og bur i Bøfjorden, er aktiv i Surnadal IL Fotball. Ho har vore aktiv både som spelar, hjelpetrenar og hovudtrenar for damelag i klubben, og har i tillegg spelt handball i Surnadal IL.

Vi er veldig glade for å kunne ønske Gry velkommen tilbake til klubben, og er sikre på at ho er ein ressursperson vi og våre medlemmer vil få stor glede av!

 

 

Tekst/foto: Øysten Hjelle Bondhus/Surnadal IL