Ny tid for Nordlund
Bjarne Nordlund har hatt arbeidsdagen sin i Rindal kommune sidan 1996. 30. april var siste arbeidsdagen hans før han blir pensjonist, og den vart feira med kake på lunsjrommet.
No skal han bruke tida si på barn og barnebarn, husvedlikehald og kjøre meir traktor! Han blir vaktmeister for dei to sønene som bur i Rindal.
Han er også nyleg vorte medlem i styret av Rindal Menighetshus, der han også får ta del i vedlikehald.
Som gammal speidar ser han ikkje bort frå at det kan bli speidaraktivitet i lag med barnebarn, og han er også freista av tilboda til Turstigruppa i Rindal IL.
Kakelunsj
Tirsdag var det kake på lunsjrommet til ære for den avtroppande økonomisjefen. Jordbrukssjef Bjarne Lund har jobba saman med Bjarne Nordlund heile tida, og han hadde ei helsing til han saman med ein gave frå medarbeidarane på Kommunehuset.
To gonger hadde Bjarne N sagt til Bjarne L kva han skulle skrive i ei sak til politisk behandling, og det var Bjarne L godt fornøgd med.
Det var også ei sak dei ikkje turde å skrive slik dei ønska. Den forblir internt.
Bjarne Lund rosa Bjarne Nordlund som ledar. Han mintes det første Bjarne N sa til dei tilsette:
- Ikkje formidle noko til meg med humor, for det forstår eg meg ikkje på.
Talen Bjarne Nordlund heldt til medarbeidarane sine var tøff og personleg, og den gjorde inntrykk på tilhørarane. Han avslutta med å be alle forsyne seg med ei rose kvar frå «mannevasen» han hadde sett fram nede i rommet.
- Det har vore ei berikelse å jobbe i lag med dei tilsette i Rindal kommune både på kommunehuset og elles i organisasjonen, sa han.
Elles tyda stemninga på lunsjrommet på at forståinga for humor hadde gått framover. Bjarne-karane forsto i alle fall kvarandre!
Personalia
Bjarne Nordlund har røter i Buludalen i Rindal, men har vakse opp i Gudbrandsdalen. Etter studier til sivilingeniør i Trondheim, slo han seg ned i Buludalen og underviste ei tid ved Meldal vgs. Så var han nokre år i Svorka, før han vart tilsett som rådmann i Rindal kommune i 1996.
Før han vart rådmann rakk han også ei periode i kommunestyret som varaordførar frå 1987 til -92.
Kona er kyrkjeverge i Surnadal og Rindal, og dei har 4 vaksne barn, der dei to sønen med familiar bur i Rindal.
Rådmannen
Kanskje det var erfaringa frå kommunestyreperioden som styrka interessa hans for deltaking i samfunnslivet og lysta til å vere med på å styre utviklinga i Rindal?
Han gjekk i alle fall inn for jobben som rådmann med sterkt engasjement og fekk stor respekt langt ut over kommunegrensene for arbeidsinnsatsen sin. Det vart mange kveldar på kontoret, og ofte måtte han slå av alarmen for å jobbe utover kvelden/natta.
Bjarne er glad for alt han har fått vere med på i Rindal kommune.
- Tykkjer vi har fått til mykje i lag, seier han.
Bjarne Nordlund har også fått ta del aktivt i mykje interkommunalt arbeid, noko han har fått positive tilbakemeldingar på. Han såg på det som viktig å delta i interkommunalt samarbeid som tilsett i ei lita kommune. Med å ha medarbeidarar som han hadde tillit til, kunne han delta i interkommunale møter frå Averøy til Frøya.
Økonomisjefen
I 2014 kjente han at tida som rådmann kunne avsluttast, og han begynte å sjå seg om etter ei anna stilling. Da det vart kjent «på huset», fekk han tilbod om økonomisjefstillinga, som da vart ledig. Det fann han ut kunne vere ei god ordning. Dermed vart han verande i Rindal kommune enda 5 år.
Om Bjarne:
Vigdis (arkivleder): - roleg og sakleg
Birgit (rådmann): - stort hjerte og god støtte
Gunnhild (personalsjef): - har alltid vore der
Ola (ordførar): - arbeidssom, grundig, rettferdig, ordentleg
Merete: - enorm arbeidskapasitet
Bjarne Nordlund forlet eit ryddig kontor som rådmann Birgit Reisch kan overlate til ettermannen.