Ny sesong med jentekoret

Stangvik Jentekor startar øvingane tysdag kveld og ønskjer nye songarar velkomne.

Den livlege gjengen driv med allsidig program. Nyleg gjorde dei suksess med «Kardemomme-fest» både på Nordvik og i Bøfjorden. Både dette og andre morostykke blir aktuelle også i vinter.

Koret er elles knytt til Stangvik kyrkje og har hatt både drama og songframføringar der. I haust blir det øving på både gamle og nye songar – og på rørsler og små dramatiseringar.

Koret blir hovudaktør på «Vår eigen julekonsert» i desember. Og alt på første øvingskveld blir juletonane henta fram.

00 Stangvik Jentekor Kardemomme_690x453.jpg

«Kardemomme-festen» innheldt både scener og songar som jentene imponerte stort med i sommar.

00 Stangvik Jentekor krk a_690x472.jpg
Jentekoret skaper også liv i kyrkja – som her under «Påskevandring» i vår.

 

 

Tekst/foto: v/ musikalsk leder Bernt G. Bøe