Fasteaksjon_350x276

Ny innsamlingsrekord

- Vi har satt ny rekord for Kirkens Nødhjelps fasteaksjon i Halsa, Surnadal og Rindal år! Foreløpig oppteljing viser at sjølve bøsseaksjonen enda på ca 145.940 kroner! Cirka 22.000 kroner i Halsa, 92.000 kroner i Surnadal og 31.940 kroner i Rindal, fortel distriktskontakt i Kirkens Nødhjelp og diakon Gry Netland-Ebbesen. Mange i Åsskard tok vel imot Marius Haarstad og dei andre konfirmantane under tysdagens fasteaksjon. Her har Aslaug Settemsdal og Elise Settemsdal (t.h.) gjeve si gåve.

- Kirkens Nødhjelp vil rette ein stor takk til alle som har vore med, både til folk som har støtta aksjonen med pengar, og dei som har gått med bøsse, vore sjåførar og tatt i mot bøssebærarane med servering når dei kom inn att! Johansen bakeri i Surnadal støtta og aksjonen med bollar til bøssebærarane.

Engasjementet og responsen har vore gledeleg. Det er tydeleg at folket her har lyst til å vere med i kampen for ei meir rettferdig verd og ei framtid utan fattigdom, seier Gry Netland-Ebbesen.

Midlane som er samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda og vil blant anna medverke til at fattige menneske i sør kan skape seg eit eige levebrød gjennom spare- og lånegrupper.

 Om du ikkje traff ein bøssebærar tysdag er det framleis mulig å støtte Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2011: Ring gjevartelefonen 820 44 088 (200 kroner), Send SMS til 2090 og gi 100,- eller bruk kontonummer 1594.22.87493.

Sjå meir om arbeidet på www.kirkensnødhjelp.no