Rindal IL Blidspente tilskuere til Surnadal:Rindal 1 på Ekeberg

Norway Cup dag 3

I dag har fleire lokale lag gjort det kvasst under Norway Cup; fleire er vinnarar av si klasse og er vidare til A-sluttspel. Nokon fekk til og med rom til eit besøk på Stortinget.

Traff denne blidspente gjengen mens de så på Surnadal/Rindal 1 på Ekeberg i dag, skriv Elinor Bolme til Trollheimsporten om bildet over. 

 

Surnadal:Rindal G19 2.JPG

Surnadal/Rindal G19 sitt andrelag, frå pausen i kampen mot Bergsøy på søndag.

 

G16 Søya Stortinget.jpg

G14 (spelarar og foreldre) var tysdag kveld på Stortingsbesøk med Jenny Klinge som dyktig guide (med god hjelp av spelarson Eirik), skriv Idrettslaget Søya på sine facebooksider. Kjempepositivt å få ei dose samfunnsfag mellom fotballkampane i Norway Cup, slår dei fast, og skriv at spelarane stilte mange gode spørsmål til Jenny.

 

Dagens resultat

J13

Surnadal-Øyestad: 2-0 (Surnadal er puljevinnar og klar for A-sluttspel.)

 

J14

Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen - Lyn: 0-3 (K/U/S/T er vidare til B-sluttspel.)

 

J15/16

Abildsø-Surnadal: 0-3 (Surnadal er puljevinnar og klar for A-sluttspel.)

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen - Stamsund IL: 4-0 (S/T/K/U klar for A-sluttspel.)

Rindal IL - Lyngbø: 6-1 (Rindal er puljevinnar.)

 

J17/18/19

Hadeland KFK-Surnadal 0-3

KFUM-KAM OSLO - Surnadal: 1-3

 

G14

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen - Molde FK 2: 1-4

Bjarg-Surnadal 1-5 (Med denne sigeren vart gutane nummer tre i gruppa, og spelar 32.delsfinale i B-sluttspelet onsdag kl. 16.30. Der møter dei Gjelleråsen 2 på Abildsø 4. Laget møtte Gjelleråsen 1 i gruppespelet.)

 

G15/16

Surnadal-Alshabab Lebanon 1-3

Tromsø 2-Surnadal: 0-4 (Surnadal er puljevinnar og klar for A-sluttspel)

Surnadal-Nordhordland 2: 4-3 (Surnadal er klar for B-sluttspel)

Årvoll Rød - Rindal IL: 0-1

 

G19
Bremnes 1-Surnadal/Rindal 1 0-1(G19 1 er klare for A-sluttspel)

Strømsgodset IF-Surnadal/Rindal 2 3-0 (G19 2 er klare for B-sluttspel.)

 

Foto: Rindal IL og Idrettslaget Søya