Nordstoga og Bratland i Kulturhuset
Søndag kveld kjem Odd Nordstoga og Ingebjørg H. Bratland på besøk til Surnadal Kulturhus. Det nye albumet «Heimafrå» kom ut den 1. mars. «Heimafrå» er, som namnet indikerar, eit album med musikk artistane har henta frå folkemusikktradisjonen i Vinje. Ideen kom til då dei to sette seg ned og jobba litt med arrangement på nokre folkesongar Ingebjørg hadde.
Men trass sitt lokale utspring, har ikkje albumet noko avgrensing i så måte. Det som fyrst og framst formidlast er utruleg fine melodiar og to sterke stemmer, som på dette albumet nettopp set songen i fokus. Ingebjørg Bratlands klokkereine stemme har alt trollbunde mange, og her kjem den endeleg til sin rett på eit heilt album.
Surnadal Kulturhus søndag 6.oktober kl. 18.00. Kjøp billett her eller i resepsjonen på Thon Hotel Vårsøg.
Les meir på http://www.heimafrå.no