Odd 5 Foto KM

Nordstoga leverte til gangs!

Odd Nordstoga ga ein fullsett Leikarvoll-sal ein minneverdig konsert. Aleine på scene med gitar og trekkspel leverte han ein gnistrande konsert som dei ca. 250 frammøtte seint vil gløyme.

Nordstoga opna med songen «Hallo,hallo» og allereie då skjøna vi i salen at dette kom til å bli ein triveleg kveld. Nordstoga hadde mange gullkorn å koma med mellom songane og, som til dømes at han mistenkte statskanalen NRK for å tru han var ein mellomting mellom julenissen og askeladden sidan han så ofte hadde vore gjest i program på 17.mai og lille julaften. Han kunne dog bekrefta at han nokre gonger kunne væra både sur og urimeleg, og at han nesten hadde knust telefonen sin i raseri! Men berre nesten.

Nordstoga spelte songar som for mange er kjent og kjær, som «Ein farfar i livet», «Frøken Franzen», «Bestevenn», «Heim te mor» og sjølvsagt den med grisen som står og hyler, «Kveldssong for deg og meg»

Kanskje var dei songane kor han kombinerte gitar, munnspel og ei basstromme som han trakterte i tillegg, dei beste. Lydbilete vart stort og mektig, til tross for at det var berre ein mann på scena! Det må og nevnast at lyden var kjempefin, noko lydmannen skal ha ros for.

Nordstoga vart sjølvsagt klappa inn att på scena for ekstranummer og då kunne han fortelja at han ville gje honoraret sitt for kvelden til årets TV-aksjon. Raust!

Publikum kunne tusle ut i haustmørkret vel visse om at dei hadde vore med på ein meget flott konsert! Stor honnør til arrangører! Og takk til Odd!

Odd Nordstoga.jpg

Odd 2.jpg

Odd 4 Foto KM.jpg

Odd,tromme Foto KM.jpg
Reparasjon av stortromma måtte til under konserten!

Odd 3.jpg

Kay Edvin.jpg
Kay Edvin Sættem Nessæther er primus motor bak Leikarvollen scene.