Nordmøring og verdsborgar
«Det er feil å bygge bruer, for vi er alle på den same øya», vart det sagt på Bjørnson-festivalen i år. Det var i innlegget til Hylland Eriksen, om flyktningesituasjonen og språkbruken rundt den.
For sjølv om det er lokalval i år, trenger verda og den globale situasjonen seg på – meir og meir. Og no har den dramatiske situasjonen i Midt-Austen - med tusentals menneske på flukt frå bomber og krig – for lengst gjort Stortingsvedtaket om 8000 syriske flyktningar til landet vårt forelda. Både flyktningesituasjonen – og opinionen i kommunane – har gjort at dei fleste partia og rikspolitikarar har kome på etterskot – og vi ser at viljen til å stille opp for medmenneske er stor. Og dei som har ønska å sende flyktningane på havet igjen, eller meiner at «nærområda» skal ta heile belastninga, har fått vist fram verdigrunnlaget sitt.
Samtidig er det godt å sjå dokumentert at dei astronomiske tala som FrP har vist oss om den økonomiske katastrofen ved å hjelpe, ikkje har rot i verkelegheita. I Adresseavisen 8/9-2015 kan vi t.d. lese at dei over 22 000 flyktningane som kom hit frå Balkan på 1990-talet, no klarer seg «minst like godt som «oss»», når det gjeld t.d. utdanning, arbeid og arbeidsløyse. Innvandrarane har blitt ein ressurs for landet, og eit positivt tilskott til eit fargerikt fellesskap både for landet og lokalsamfunna.
Eivind Hasle
Surnadal SV