Tunnel

NORDMØRE - SETT INNANFRÅ ELLER UTANFRÅ?



Landet vårt er finare sett utanfrå enn frå innsida ! Etter kvart som rundt 70 tunnelar har kome på vegen frå Stavanger til Nordmøre, enkelte på fleire mil – og stadig nye er under planlegging, synest det merkeleg at ein ikkje stansar opp og tenker seg om: er det dette vi ønsker å sjå og vise fram ? Er det Vestlandet sett frå innsida t.d. turistnæringa vil satse på framover ?

Og no vil også store delar av Nordmøre bli å sjå innanfrå. Rassikringstunnelen langs heile Opdølsstranda, og deretter  lang tunnel til Todalen ?

SV i Surnadal har fleire prinsipp som partiet legg til grunn i denne debatten:
- miljøperspektivet
- trafikktrygging  og rassikring
- samankopling av regionen
- næringsutvikling / turistnæring

Om å tenke med eksosrøret
I ei tid når CO2-utslippa skal vesentleg ned, er det sjølvsagt problematisk når det synest lagt opp til stadig større biltrafikk i alle delar av landet. Tanken om rask ferjefri motorveg langs kysten mellom Kristiansand og Trondheim verkar såleis både naturstridig og utan tanke på miljøkonsekvensar !  

SV ser det likevel som svært ønskeleg å kople t.d. Nordmøre betre saman  kommunikasjonsmessig. Då er det viktig å velje trasear  som kan knytte kommunane saman langs dei mest gunstige traseane, utan lange og unødvendige omvegar. Derfor synest Trollheimsløysinga med kombinasjonen bru og tunnel å gi ei vegløysing som er både ”enklere, triveligere og mer effektiv” enn ei lang tunnelløysing .   Kombinasjonen tunnel og bru bør og kunne gi store fordelar for turisttrafikken  i Todalen og rundt Svinvika. Etter SV sitt syn vil det vere svært trist om mesteparten av landskapet mellom Sunndal og Surnadal – noko av det finaste på Nordmøre - skal visast fram  frå innsida. Dei som arbeider i turistnæringa, burde vere dei første til å sjå det !

Om politiske prosessar
Fleire saker i det siste har vist at dagens politiske prosessar ofte er så lange at tida frå utgreiingar er gjort, til prosjektet (t.d. sjukehus eller vegløysing) er klart til realisering, er så lang at mange av premissane har endra seg. Då gjeld det at det ikkje går prestisje i sakene og å vere i stand til å innarbeide dei nye realitetane – slik at det som blir iverksett,  ikkje er forelda alt i realiseringsfasen.  Ein lang tunnel i forlenginga av rassikringa av Opdølsstrandavil etter Surnadal SV si meining – ut frå dagens krav og premissar - ikkje gi den best moglege løysinga korkje miljømessig, trafikktryggings-messig eller økonomisk. Heller ikkje for den regionale samankoplinga og næringsutviklinga vil ei slik løysing vere så god som ønskeleg. Surnadal SV ønsker derfor helst ei løysing med alternativet tunnel og bru.


 

For SV i Surnadal
Eivind Hasle 
(1.kandidat til kommunevalet)