
Nordmøre Folkehøgskule nytt medlem av Trollheimsporten
Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal har valt Trollheimsporten som ein av sine marknadsføringskanalar. Vi har dermed gleda av å ønskje den frilynte folkehøgskulen velkomen som medlem av nyheits- og informasjonsnettstaden for Rindal og Surnadal. Bildet viser personalet ved skulen.
Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal er ein skule med stor fagleg breidde. Det er en fordel for alle elevar uansett hovudinteresse og linjeval. Her møter du i tillegg til dine kompiser på linja, menneske med heilt andre interessar og kunnskap. Det er det mykje å lære av! Kanskje kan du lære deg å spele gitar av ein musikkelev på fritida, sjølv om du er aller mest interessert i idrettsleg utfalding?
Skolen yrar av liv så å seie heile døgnet. Du kan gjere nesten kva du vil, nesten når du vil. Folkehøgskulelivet kan minne litt om det i Kardemomme. Du kan gjere nesten kva du vil, berre du er god og snill. Ein smule banalt, men ikkje så dumt, eigentleg.
Nordmøre Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Slår du opp i ordboka finn du følgande synonym til ordet frilynt: fordomsfri, forståelsesfull, romsleg, tolerant og generøs. Som frilynt folkehøgskule har vi som du skjønar litt av kvart å leve opp til. Vår eiga tolking av frilynt betyr i alle fall at vi skal ta imot alle som kjem hit som dei er og strekkje oss langt for å respektere alle.
Både i undervisning og i dagleglivet elles vil du merke dette. Du har som elev stor innflyting både på kva vi skal jobbe med og korleis.
Nordmøre Folkehøgskule har desse linjefaga:
Teater og musikk – Teater
Teater og musikk – Musikal
Teater og musikk – Chords and lyrics
Media – Foto
Media – Journalistikk
Thriller – Film og VFX
Thriller – Sport og film
Friluftsliv – Eventyr Europa
Friluftsliv – Basecamp Everest
Taekwon-Do – ITF Taekwon-Do
Taekwon-Do – Kaosmeistring og kampkunst
Norwegian language
Fellesfaga på skulen er:
Kor, kulturfag, morgonsamlingar, prosjekt, samsong, husarbeid, laurdagsseminar, basisgrupper.
Nordmøre Folkehøgskule har eksistert i snart 100 år. Den vart starta i 1913 og vi gler oss til det komande jubilèet. Men før det, ser vi fram til nye kull med vakker ungdom som skal vere elevar her. Kanskje blir du ein av dei cirka 40 jentene eller 40 gutane som byrjar her neste haust. I så fall velkomen hit!
Kontakt-info:
Nordmøre folkehøgskule
6650 Surnadal
Tlf 71 65 89 00/fax 71 65 89 19
E-post: kontor@nordmore.fhs.no
Meir informasjon finn på skulen si heimeside.