Nordmarkløpet snødde mesta bort
Det har nok aldri vore så dårleg ver, og heller ikkje så få deltakarar i Nordmarkløpet som i år. Kvaliteten var det derimot ingen ting å seie på. Årsvinnaren av Vasaløppet, Tore Bjørseth Berdal, stilte opp og leda heile løpet, kanskje med unntak av dei gongene han havna utafor løypa i snøveret.
Det snødde og dreiv så tett at løparane kjørte ut av løypa fleire gonger fordi dei ikkje såg løypa. Det var meininga at løparane skulle gå to rundar på 10 km, men veret gjorde at rennet vart stoppa etter ein runde. Arrangøren ville ikkje risikere leiteaksjon etter løparar som mista løypa, for den snødde og dreiv fort igjen.
Totalt var det 50 som stilte opp på det 37. Nordmarkløpet, og berre 8 i konkurranseklassen.
I tillegg var det internasjonal deltaking med to deltakarar frå Ramsau, Østerrike.
Før start av konkurranseklassen, var det sportsandakt ved Lene prest inne på Tørsåsløa.
Magne Snekvik fekk premie for sitt 30. Nordmarkløp av Oppbjørn Heggem
Anne Børset og Elise Bakken hadde tatt seg ein trimrunde.
Hendrik og Jon Einar Vesser frå Ramsau/Østerrike/Meråker vgs gjer seg klare for turen ut i snøveret!
Tore Bjørseth Berdal klar til start!
Berdal tok ledelsen straks.
- og løparane forsvant ut i snøfokket.
Ola T. Heggem leda speakertenesta.
Vi såg berre ein sporhund - .
Sjå bilde frå målgang og premieutdeling nedafor!