tog1_1024x683

Nissemarsj og julegrantenning

Fredag kl. 17.00 blir inngangen til adventstida markert med julegrantenning og nissemarsj i Bæverfjord. Som vanleg er det julegrantenning ved Bæverfjord oppvekstsenter før store og små nissar togar tur retur Bæverfjord stadion. Etter marsjen blir det pepparkaker og varm drikke til alle og nissemarsjmedaljer til alle barna. Etter grisevær den siste tida er det endeleg meldt finvær, så kvifor ikkje plukke fram nisseutstyret og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon i Bæverfjord? Sjå glimt frå marsjen i fjor her!

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

tog1_1024x683
IMG_5574_1024x683
jenter_1024x683