Nyetablering på Stokkøyan industriområde:
Nidaros Oppmåling opnar avdelingskontor i Rindal
Industriområdet Stokkøyan i Rindal har fått tilflytta ei ny bedrift. Det er oppmålingsfirmaet Nidaros Oppmåling AS som etablerer seg her med sitt første avdelingskontor. Dei har mange kundar i Orkdalsregionen, og med dette utvidar dei tilbuda sine vestover.
Nidaros Oppmåling AS har fått fine og lyse lokalar i lag med fleire andre firma i bygget til KRET Eiendom ved Letthus i Stokkøyan.
Kontoret blir betjent av Morten Svinsås og Geir Myklegard, som begge kjenner dette området godt.
Gule bilar betyr ikkje lenger berre ambulanse i Rindal - det kan vere Nidaros Oppmåling som er på vegen
Nidaros Oppmåling AS er stasjonert i Trondheim og kallar seg leiande leverandør av kart- og oppmålingstenester i Midt-Norge.
Firmaet vart etablert i 2002 og har no 13 tilsette, fortel dagleg leiar Ola Aspmodal.
Dei ønsker å tilby tenester innan alle kategoriar av kart- og oppmåling. Geografisk satsa dei først på Midt-Norge og nærområda til Trondheim. Etter kvart har det vorte mange oppdrag i heile Orkdalsregionen og heilt ut til Hitra og Frøya. Frå avdelingskontoret i Rindal vil dei styrke denne satsinga. I tillegg kan dei utvide aktiviteten vestover mot Møre.
Kundane finn dei innafor bygge- og anleggsbransjen, arkitektar, konsulentar, byggherrar og i tillegg kommunale og statlege etatar.
Største oppdraget no er knytt til utbygginga ved Holla Smelteverk i Hemne, der dei tilbyr ulike tenester til mange underleverandørar. Dei har også hatt mange oppmålingar i samband med utbygginga av «Laksevegen» gjennom Snillfjord.
Frå venstre: Dagleg leiar Ola Aspmodal og landmålarane Morten Svinsås og Geir Myklegard klare til innsats!
Svinsås og Myklegard ser fram til nye oppdrag etter denne nyetableringa, og du kan treffe dei i Stokkøyan eller på telefon/epost slik:
Morten Svinsås: 909 40 516 / morten@nidopp.no
Geir Myklegard: 958 34 439 / geir@nidopp.no
Sjå alt om firmaet her: https://www.nidopp.no
Geir Myklegard og Morten Svinsås med ein av dei gule firmabilane (Foto: Nidaros Oppmåling).