Niandeklassingane klare for storprosjekt
Dei neste fire vekene skal niandeklassingane ved Surnadal ungdomsskule jobbe med storprosjekt, der handlinga er lagt til butikksenteret i Surnadal. Under presentasjonen måndag, fekk elevane ei innføring i senteret si historie frå Lars Ove Løseth.
Lars Ove Løseth og Sara Nicole Andersen frå LL Drift var måndag på plass i kantina ved Surnadal ungdomsskule, i samband med kick-off’en for niandeklassingane sitt storprosjekt.
Løseth fortalte om senteret si historie, frå Lars Løseth starta sin første daglegvarebutikk og fram til i dag. LL Drift er i dag, med sine 18 kjøpesenter, Noregs fjerde største kjøpesenterselskap.
Elevane let seg tydeleg engasjere, sidan nettopp butikksenteret skal vere raud tråd i storprosjektet deira.
Første gong med niandeklassingar
Tidlegare har det vore tiandeklassingane som har gjennomført storprosjektet, seinast i fjor haust. Denne gongen
– Dette er for å lette belastninga for elevane når dei går i 10. klasse, seier storprosjektansvarleg Lisbeth Gausen.
Ho fortel at prosjektet til niandeklassingane skal gjennomførast i løpet av fire veker, med premiere 3. april.
I og med at førebuings- og øvingsperioden til årets storprosjekt vil gå over kortare tid enn vanleg, er det gjort enkelte grep. Eitt av dei er at elevane ikkje aktivt er med i skriveprosessen – i staden er det kjøpt inn eit manus, som Gausen har skrive om for å passe til lokale forhold.
– Viktig å kunne gå utanfor komfortsona
For 12 år sidan var Lars Ove Løseth sjølv med, mellom anna som i ei noko uvant rolle som dansar, på storprosjektet «That 60’s show».
– Det er jo litt artig at du, Lars Ove, som har vore med på eit slikt storprosjekt, er med og førebur nye elevar til prosjektet vi skal ha no, seier Gausen.
Løseth forsikra elevane om at det gjekk godt å stå på scena, sjølv om han var nervøs i starten.
– Etter kvart som ein lærer seg det ein skal gjere, går det veldig greitt. Det var kjempeartig å vere med på, seier 26-åringen, og understreka viktigheita av denne typen prosjekt.
– Det er ei god erfaring å jobbe så mange saman på eit prosjekt, og det viktigaste eg tok med meg var nok det å tørre å gå litt utanfor komfortsona. For enkelte er det det mest naturlege i verda, medan for andre er det skumlare. Det å verte trygg på at ein tåler å presse seg sjølv litt er gull verdt i lengda, seier Løseth.
Sara Nicole Andersen, Lars Ove Løseth og Lisbet Gausen under presentasjonen av niandeklassingane sitt storprosjekt måndag.
Sara Nicole Andersen og Lars Ove Løseth var populære innslag under presentasjonen måndag.
Sara Nicole Andersen og Lars Ove Løseth frå LL Drift.