«Hjelmkonnå» satsar:

Naustbasar og ny sesong

Miljøet rundt kyrkjebåten Hjelmkonnå er i rivande utvikling. Det nybygde Hjelmkonnå-naustet ved Åsgard-vågen blir arena for allsidig båtliv. Søndagens basar i Bøfjorden Grendahus går til inntekt for naustet. Den startar kl. 15 og blir avrunda i 18-tida.

0a Naustbasar NAUSTET c Ann Kristin FOTO.jpg
Hjelmkonnånaustet blir unik arena for båtliv og tradisjon. (Foto: Ann Kristin Engset)

0b Naustbasar Små og store Foto RVB.jpg
Små og store Hjelmkonnå-entusiastar inviterer til basar for kyrkjebåtnaustet. (Foto: Randi V. Bøe)

0c Naustbasar Vinsjen.jpg
Hans Bævre (t.v.) og Tore Sannes har vel flest dugnadstimar på naustet. Her viser dei vinsjen til båttrekket. (Foto: Bernt G. Bøe)

0d Naustbasar Kajakk.jpg
Vesle Sindre testar kajakktilbodet som Hans Bævre, Tore Sannes og styringsgruppa tilbyr lag, bedrifter og private. (Foto: Bernt G. Bøe)

Det store naustet ved Gammelsagelva vart påbegynt i fjor og nærmar seg fullføring. Både naustet og det historiske området ved fjorden opnar for rikt sjø- og båtliv. Tallause dugnadstimar er utført, men noko finansiering står att. Basaren søndag er ei ny økt der alle kan bidra – under mottoet «Dugnad for miljø og tradisjon».

0e Naustbasar Larsens Kvartett på Røstasetra.jpg
Larsens Kvartett: Bjarte With Aasgård (frå v.), Johannes Holten, Erik Moen og Trond Larsen avrundar basaren med friske tonar.


Musikk og trekning

Hjelmkonnå-entusiastar sel lodd på bygda før helga. I Grendahuset søndag blir det både basarbord og kaffesalg. Trekninga blir del av eit avsluttande underhaldningsprogram - med musikk av Trond Larsens Kvartett ispedd muntre stubbar og dikt frå sjø og land. Arrangørane tek med takk imot gåver til basaren.

0f Naustbasar Pinseroing 2014.jpg
Ramsalt miljø: Hjelmkonnå på heimtur frå Stangvika pinsedagen i fjor. Nærast sit Hans Bævre og Ann Kristin Engset. (Foto: høvedsmann Tore Sannes)

0g NAUSTBasar plakat 2015 04 12.jpg

Historisk og moderne

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» er levandegjering av tusenårige tradisjonar innan båtbygging og ferdsel.  Sidan sjøsettinga i 2009 har båten samla mange til fysisk fostring og sosialt fellesskap gjennom trening, konkurransar, fjordturar og kyrkjeroing. Det er såleis på høg tid av båten får sin eigen heim i form av eit moderne naust - bygd etter historisk mønster, men med båtslipp og tilgang til vatn og WC som del av eit område med fleire nausttomter.
           

Turar og kajakktilbod

Mange tur-interesserte kan også knyte naustmiljøet og kyrkjebåten til prosjektet «Turar i Bøfjorden», som har bortimot 30 merka løyper frå fjord til fjell i dette området.

«Hjelmkonnå» og naustet er administrert av ei gruppe innan Bøfjorden Historielag. Ro-treninga startar i desse dagar, og ein av dei første turane blir til Stangvik kyrkje pinsedag.

Som del av det aktive sjømiljøet får no både lag, bedrifter og private tilbod om kajakkplassar i Hjelmkonnå-naustet. Like eins er det høve til rimeleg kjøp av kajakk.
 

Naustopning i juli

Søndag 19. juli vil naustet bli offisielt opna med eit stort program. Dette er Bøfjorden Historielag sin tur-dag i kommunal regi, og ein tenkjer seg eit turopplegg både til sjøs og til lands i det idylliske landskapet rundt Hjelmkonnå-naustet.

 

Innsendt av Bernt G. Bøe