Nattleg "eventyrskog" ved Rindal barnehage
Du som passerer forbi barnehagen og skimuséet i Rindal sentrum på kveldstid, har dei siste vekene lagt merke til den dekorative lyssettinga som er laga i stand. Det gjorde også familien ovafor. Fredag blir den tatt ned.
Det er to studentar, Evy Elshaug Almås og Silje Christin Svartvassmo Edvardsen, som er ansvarlege for den flotte lyssettinga som gleder både store og små. Dei studerer Lysdesign ved Høgskolen i Drammen. Dette er ein del av bachelorgraden deira.
No gjeld det å ta seg ein tur og oppleve denne «eventyrskogen» i kveld og torsdag kveld. Fredag blir alt av armatur og ledningar demontert for å bli frakta tilbake der det kom frå.
Evy Elshaug Almås har vore plukka ut frå skolen til å vere med på slike lyssettingsprosjekt før både i Polen og i Norge.
Studentane hadde ei spørreundersøking lagt ut på COOP Prix Rindal først i prosjektet, og fredag vil ny undersøking bli lagt ut for å få greie på bruken av området før og under lyssettinga.
Tre generasjonar Kvernberg, besteforeldra Berit og Rolf, dotter Ina Kari, barnebarn Andrine og Anders og venninna Marianne lika seg godt på området. Dei kjente området frå dagslyset, men det vart ei ny oppleving for dei med den nye lyssettinga.
- Vi har valgt å skrive om leikeplassar, fordi vi tykkjer at dette er eit område i faget vårt som treng oppmerksomhet, fortel dei. Dette er sjølvsagt med tanke på den mørke halvdelen av året.
- Vi ønska at lysdesignet skulle trigge fantasien og at det skulle skape eit uterom som folk kan trivast å leike i.
Det kunne Trollheimsporten sjå da vi besøkte området laurdag kveld.
- Vakkert, - kjempefint, - tøft, er kommentarar folk har til arbeidet lysdesignstudentane har gjort.
- Vi tykkjer sjølvsagt at det er veldig triveleg å høre at området blir nytta av alle generasjonar, slik det var da Trollheimsporten var bortom!
Trestammane er dekorerte med lys!
Her vart det med ei ekstra lyskjelde høgt oppe!
Under brua er det godt muleg at ein kan sjå trollet ...
Tekst/foto: OleT