Narr med deg nokon
Det er ikkje spøk, men morro blir det! 1. april står SKUV bak musikardugnad og jamming i Den Glade Laks på Thon Hotel Vårsøg.
SKUP, Surnadal Konseptutvikling, er ein liten, medlemsbasert organisasjon som har som mål å skape fellesarenaer for musikk og kultur i Surnadal. Det er Ole Erik Bævre, Rune Dalager, Øyunn Fugelsøy Aune og Karstein Mauset (ikkje på bildet) som står bak dette tiltaket. Dei er ei styringsgruppe med flat struktur, fortel dei.
Les kva Trollheimsporten skreiv om SKUV tidlegare.
Arrangementet onsdag 1.april blir det første som SKUV står bak. Dei har fått med seg Kenneth Grytskog som konferansier som skal binde saman dei første par timane som blir meir som ein konsert.
Av program som er på plass er 2-3 akustiske versjonar av songar frå Bruce Springsteen-konserten som var i Surnadal tidlegare. Ei ny gruppe vil debutere, kjente personar, nytt namn: Spælldåså!
Ekte Bluegrass blir det når Ola Langli trakterer banjoen sin i lag med Kjetil Holden fra Trondheim og Rune Dalager, gitar og Sondre Skogset, bass. De to første karane dukkar opp under Vårsøghelga 2015 som 2 av 5 i Persaunet Porch Pickers, som du kan høre i ein 4-mannsutgave her.
Ola Langli dukkar også opp når vi får reunion av M.A.G., som mange hugsar frå 4–5 år sidan. Hør dei her, og les kva Bjørn Tore Brøske skreiv om dei på Trollheimsporten her. Med seg hadde/har Ola Langli Jan Peter Husby, Frank Spoon Botten, Johnny Nonsens Myklegard og Rolf Paulsen.
Vi får progressiv rock frå Lisa Botterli Flostrand med band, og gruppa Norfolk med Rune Dalager, Helge Nilsen Wesche, Per Holten og Rolf Paulsen stiller, og når dei er ferdige er sena åpen!
Da er det håp om at musikarane finn kvarandre på tvers av gruppene sine, og det kan dukke opp spellemenn og syngedamer både frå Sunndal, Halsa og Rindal på sena.
Dørene til Den Glade Laks opnar kl. 21.00, og etter eit par timars program blir sena klar for «jamming.»
Medlemskap i SKUV kostar kr. 100,- , inngang kostar kr. 150,-. Medlemmer får inngang for kr. 100,-.
Det er 1. april: Narr med deg nokon!