Nærmar seg frivilligsentral og fritidsklubb i Surnadal
Allereie i løpet av eit par månader kan det verte starta frivilligsentral i Surnadal kommune, som må sette i gang drifta innan juni i år for å sikre seg statleg stønad i 2020. Samtidig jobbast med oppussing av lokala i Miljøgata.
17 personar frå kommuneadministrasjonen og ulike lag og organisasjonar i Surnadal var oppmøtte då kommunen tysdag arrangerte informasjonsmøte om ny frivilligsentral og fritidsklubb.
Kultursjef Lilli Husby informerte om status for prosjektet, der Surnadal kommune har leigd lokaler i Miljøgata, som Trollheim Reklame hadde sist.
Det står att ein del oppussingsarbeid før det er snakk om oppstart. Mellom anna må ventilasjonen betrast, det skal malast og ein må pusse opp toaletta.
– Noko av arbeidet skal sjølvsagt gjerast av entreprenør, og i tillegg håpar vi at vi får gjort ein del på dugnad, fortel Husby, og rosar Surnadal Ungdomsråd. Dei har allereie sagt seg villige til å bidra med å male.
Det er sett av kr. 150.000,- til oppussing, men på grunn av at oppussingsjobben vert større enn venta, trengs det etter alt å dømme meir pengar.
– Vi må skaffe sponsorar, slik at frivilligssentralen og fritidsklubben blir sjåande bra ut, seier Husby.
Risikerer å miste statleg stønad
Det å pusse opp lokala er ein av to parallelle prosessar Surnadal kommune no held på med i samband med dette prosjektet, fortel kultursjefen:
– I tillegg til at vi må få lokala klare, er det viktig at vi klarar å starte opp frivilligsentral før juni månad. Klarar vi det får vi full oppstartsstønad frå staten i 2020, seier ho, og legg til:
– Dersom vi ikkje får starta opp før etter juni i år, fell heile denne stønaden vekk. Då får vi ikkje tilskot frå staten til frivilligsentral før i 2021.
Husby fortel at det av denne grunnen kan vere høgaktuelt å starte opp i midlertidige lokale.
– Det kan vere lurt, for det vil vere for ille om kanskje kr. 200.000-400.000,- skal ryke fordi vi ikkje får opp dampen.
Vil skape eit kontaktpunkt
I og med at prosjektet handlar om ein frivilligsentral og ein fritidsklubb, der sistnemnde naturleg nok har ungdommar som si primære målgruppe, omtalar kommunen prosjektet og dei nye lokala som FriUng.
– FriUng, og lokala der, skal vere ein paraply som dekkjer alle aktivitetar, og gje eit tilbod til ulike målgrupper. Vi skal ikkje starte ein offentleg kafé, eller konkurrere med eksisterande tilbod, men leggje til rette for aktivitet, seier Husby.
Ho understrekar at det per no ikkje er vedteke noko som helst om kva tilbod frivilligsentralen eller fritidsklubben skal innehalde.
– Vi har tankar om det, og har vore på besøk hos frivilligsentralane både i Rindal og Halsa, og sett korleis dei har gjort ting, seier Husby, og legg til:
– Vi trur det er viktig at vi klarar å skape eit kontaktpunkt, der både ulike aldersgrupper og ulike lag og foreiningar kan dra nytte av kvarandre sin kompetanse. Eit kontaktpunkt mellom folk som vil bidra og folk som treng bistand.
På møtet tysdag vart Janne Husby (Røde kors), Kristian Ranes (Surnadal Pensjonistlag) og Britt May Hollås (Surnadal Sanitetsforening), valt inn i arbeidsutvalet, som no skal jobbe vidare med planlegginga av frivilligsentral og fritidsklubb.
I utvalet skal dei delta saman med ein representant frå ungdomsrådet og minst én politikarrepresentant.