Når presten gjer feil
Inn- og utspel etter 17.mai-gudstenesta i Rindalskyrkja har gjort noko med meg: Eg er lei meg for alt som vart opplevd som nedtur, upassande tematikk og stigmatisering av Jenny Klinge og hennar meiningar.
Til dømes måtte ein vera i kyrka for å få med seg at ho og eg står i same partiet. Ordet nazi var heller ikkje nemnt. Igrunn er eg takksam for at preika ikkje fekk særleg langt liv på Trollheimsporten, sidan det eg sa til dels var såpass modifisert i forhold til manus. Men også det eg sa vart formidla for lite varleg. Eg skulle ikkje ha nemnt personnamn og enkeltparti.
I den grad eg bidrog til å kaste skugge over ein elles strålande nasjonaldag, seier eg meg lei for det utan atterhald.
For ikkje-innvidde målbar eg blant anna samanhengen eg ser mellom jødeparagrafen av 1814 då jødar på generelt grunnlag var utviste frå landet, dominerande strøymingar av antisemittisme fram til -45 og krefter i samtida for å forby omskjering av gutar.
Omskjæring av gutar den åttande dagen har vore knytt til pakt, religion og identitet hjå dette folket sidan Abraham. Slik eg ser det, vil eit forbod mot omskjæring vera lite foreinleg med toleranse og ynskje om vidare sameksistens med jødar som folk. I land me ugjerne samanliknar oss med, er det kriminelt å lata seg døype. Å ikkje tillate jødar å vere jødar går same lei.
Eg vil vone dette kan bidra til klårgjering. Skremande stor har aldri fallhøgda mi vore, og meir kan eg heller ikkje gjera enn å be om orsaking.
Lene Gåsvatn.