Søndag i Øvre Rindal kapell
Når Ibsen leverer
I gamle år kunne Henrik Ibsen erkjenne såpass som “At digte, - det er at holde dommedag over sig selv.”. Langt på veg har det vore slik å halde preika i Øvre Rindal Kapell i dag òg. Men det er vel som det skal vera når dagen er siste sundag i kyrkjeåret og me blir utfordra på å gjera opp status.
Preika i Øvre Rindal kapell i dag var ved sokneprest Lene Gåsvatn, og konfirmantane Sindre Bakk Solem og Joakim Sveen Flåtten assisterte som kyrkjetenarar. (Bilde nedafor).
Preiketekst siste søndag i kirkeåret. MATT.25,1-13.
1 Da skal himmelriket være likt ti brudepiker som tok lampene sine og gikk ut for å møte brudgommen. 2 Fem av dem var uforstandige, og fem var kloke. 3 For de uforstandige tok med seg lampene sine, men ikke olje. 4 De kloke tok med olje på kannene sine sammen med lampene. 5 Da det trakk ut før brudgommen kom, ble de søvnige og sovnet alle sammen. 6 Men ved midnatt lød et rop: «Brudgommen kommer! Gå og møt ham!» 7 Da våknet alle brudepikene og gjorde lampene sine i stand. 8 Men de uforstandige sa til de kloke: «La oss få litt av oljen deres, for lampene våre slokner.» 9 «Nei,» svarte de kloke, «det blir ikke nok både til oss og dere; gå heller til kjøpmannen og kjøp selv!» 10 Mens de var borte for å kjøpe, kom brudgommen, og de som var ferdige, gikk sammen med ham inn til bryllupet; og døren ble stengt. 11 Senere kom de andre brudepikene og sa: «Herre, herre, lukk opp for oss!» 12 Men han svarte: «Sannelig, jeg sier dere: Jeg kjenner dere ikke.» 13 Våk derfor, for dere vet ikke dagen eller timen.
PREIKE, ØVRE RINDAL KAPELL SISTE S. I KIRKEÅRET.
Avvisning. Iskald avvisning. Å bli støytt bort. Bli neglisert. Ikkje bli attkjent. Å vera utanfor.
Dei vonde relasjonane har alle sitt namn. For oss som helst vil vera likt av alle og einkvar, gjer slike ord vondt. Kven likar vel å bli avvist? Kven likar vel å ikkje bli attkjent og ikkje bli helst på?
For oss menneske imellom, er kulde og isolasjon det verste me kan oppleva. Dess nærare me føler me skulle stå den som avviser og neglisjerer oss, dess vondare blir det. Når det er slik for oss som har levd ei stund, kor mykje meir smertefullt må det vel ikkje bli for born når dei blir støytt bort og avvist der dei skulle vore som mest trygge og velkomne.
Ein kan bli psykisk sjuk av mindre - .
Evangelieteksta me har føre oss i dag, handlar både om dei gode og dei vonde relasjonane. Me må merke oss at det er to motpolar i dette: Dei som kjem inn og dei som blir nekta adgang til dette som blir kalla for himmelriket.
Himmelriket kan liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgommen. Dei er optimistiske. Dei gler seg. Dei kjenner kvarandre og veit seg kjent av han som me no kjenner som brudgommen.
Men så skjer dette som me syns er så leitt, så dumt, så vondt: Halvparten av brudejentene blir avvist! Var dei ikkje med i brudgommens fylgje, nytta det ikkje å koma etterpå og melde seg på festen.
Me kan stange oss imot denne biten av Jesus-ord og klandre han som er Kyrkja sin brudgom for å vera så iskald nøyaktig, så mykje – er det ikkje petimeter det heiter?! når folk blir oppteken av små ting. Og er ikkje dette med olje på kanna eigentleg ein bagatell? Kan ikkje brudgommen heller sjå litt stort på det?
Nei, han kan ikkje det. Det finst ikkje noko Bøygen-spor å ta for oss når me helst ville ha ei litt heimelaga frelse, ein bit av både det eine og det andre og spørja kven det skulle vera om «Er det nå så nøye, då?»
Me må berre ha det klårt føre oss at skal me ha dette store som blir kalla for himmelriket, så er det på verten sine premissar. Me kan seia det så sterkt, at når det gjeld å ta imot nåde, når det gjeld å leva av nåde, når det gjeld å leva i nåde – så er Herren nådelaus. Skal me ha det, så blir det på hans preissar og ikkje våre.
Lat gå at det blir slik. Me bøyer oss for den gode overmakt og legg oss på sinne ein takk for invitasjonen til himmelriket. Me er invitert, me er elska ut og lengre bort enn me anar, me er inkludert og i høgste grad ønska.
Same kor ubegripeleg det er, så finst det ein Gud som inderleg ynskjer at me må leva i og leva av hans godheit og kjærleik til oss. Sentrum i vår relasjon med Gud ligg midt i Guds hjarte. Og midt i Guds smerte når han måtte gje ifrå seg einaste sonen sin for at me skulle kunne leva, vekse og blomstre i Guds kjærleik.
Om me ikkje kan forstå, så kan me i alle fall tru! Og skal endå til korkje dåren eller dei minste blant oss fara vill, er det gjerne håp for oss òg? Så ser me gjerne at det er eit band, eit ankerpunkt, ein relasjon mellom Skaparen vår og oss som heiter for Frelse ved Jesus åleine. Gamle Adam kan bruke både arv og miljø for å dra oss attende til bakken me går på. Men når alt kjem til sin slutt, vil nok alle sjå det like tydeleg som Jesus forkynner det:
Frelse er noko me får. Og einaste plassen me kan få frelsa, er hos han som levde, som vart ofra, som døydde og stod opp att for at me skulle leva med han. Einaste plassen me får frelse, er hjå han som elskar oss med ein himmelsk kjærleik – kva no enn det måtte bety.
Frelse ved Jesus og ingen andre. Frelse ved tru åleine. Og like fullt har me både lært og erkjent dette som er noko vanskeleg for oss, her me har utfordringane som ligg i å leva på toppen av verdens pengebinge: Trua er aldri åleine.
Når Jesus målar alvoret opp for oss gjennom lignelsen om dei ti brudejentene, gjer han det som ein advarsel. Som ein vekkar: Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Fekk me det til? Kor lenge kunne me halde oss vakne? Kva ressursar var det me brukte på dei andre, på dei fattige, på dei som treng det som måtte vera vårt av omsorg, kjærleik og forbøn?
Han ber oss om å halde oss vakne. Og kva dag som skal bli Dagen og kva time som skal bli Timen i bestemt form veit me ikkje. Me veit berre at det ligg nærare for oss i dag enn i går.
Og enn så lenge er dei vårt ansvar, alle desse mellom oss der dei måtte vera i grannelaget eller den store verda – alle desse som opplever å bli avvist, støytt bort, neglisjert, ikkje attkjent og vera utanfor. Me har nok å trøy` oss med mens me ventar på Han som er, var og blir.
Joakim sørga for opphenging av salmenummer.
Begge konfirmantane tok seg av klokkeringingane under kyndig leiing av kyrkjetenar Jan Brødreskift.