Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Rindal kirke

Når det brukelege blir ubrukeleg

Kva er brukeleg? spør vakse folk og syrgjer for at tumlerommet blir lite nok. Kvar finn eg omsorg og kjærleik? spør borna seg. Og så går dei dit. I si tid var det til Jesu fang dei fòr, og der fekk dei vera. Jesus seier endåtil noko om at alle må bli som born for å kunne arve Guds rike. Det kan vera me skulle bli som born og
søkje han som sjølv er eit oppkomme av omsorg og kjærleik. Dette var tema i Rindal kyrkje sundag, heile preika les du nedafor!

Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Rindal kirkeRindal kirke 17.06.12. Mark.10,13-16.

Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei. Mark 10,13-16



 

Alt blir snudd på hovudet!! Alt blir ansleis enn me hadde tenkt!!

Slik er det å bli foreldre. Når mor og far får born, blir alt ansleis. Dei får mykje meir begrensningar på seg – kven kan vel liggja og sova til kl.11 ein laurdagsmorgon viss veslejenta vil opp klokka seks??

Når mor og far får born, er det borna som er sjefen i huset. Så må mor og far tilpasse seg borna og prøve så godt dei kan å få det til med både kjærleik og grensesetting.

Grensesetting er eit ord som ikkje alle små likar. Når mor og far set grenser, går det ut på at dei små ikkje får det som dei vil akkurat heile tida. Reglane i eit hus kan vera ganske irriterande. Det kan vera forbudt å vera oppe like lenge som mor og far, forbudt å eta godteri kvar dag, forbudt å gå ut i finsko midt på vinteren, forbudt å sjå på film heile tida – Men:

Veldig tillatt å leggja seg tidleg, eta råkost, gå på lange fjellturar, rydde rommet sitt og hjelpe til å dekke på bordet.

Grensesetting er noko foreldre driv med overfor borna sine. Dessutan er det mykje grensesetting som foregår mellom vaksne også. Me har liksom våre reglar på kva som er brukeleg og kva som ikkje er brukeleg, me som er vaksne.

Og dette er ikkje noko nytt. Kva skjer så når Jesus er grenselaus??

Veit de: Når Jesus ser born, så er han grenselaus. Han er så grenselaus at det ikkje er nokon reglar i det heile teke. Så kult!!

Kom hit, seier Jesus. Kom hit. Ver her og bli her hos meg. Kjempebra, og takk for at de kom, de herlege skjønne born!!

Har de sett på maken til å setja ting på hovudet??!

Jesus snur opp ned på alt som vaksne hadde tenkt før. Vaksne hadde tenkt at Guds rike var noko slags vaksengreie for dei som får til ting og kan mykje og er flinke og greie.

Så feil de kan ta!! Seier Jesus. Og så blir Jesus sint på dei vaksne.

Jesus driv med grensesetting, han med. Men han gjer ikkje som foreldre flest, og set grenser for borna. Nei, han set grenser for disiplane sine. Jesus set grenser for dei som skulle visst betre.

Tydelegare kan det ikkje seiast om Guds rike enn det Jesus seier: Lat småborna koma til meg og hindre dei ikkje for Guds rike høyrer slike til.

Jamen, dei små borna kan jo ikkje tenkja sjølv! Dei kan ikkje tru sjølv! Dei kan ikkje spekulere eller diskutere!

Men var det ikkje akkurat difor Guds rike høyrer slike til??! Var det ikkje akkurat difor Jesus seier til både små og store at me må bli som eit barn for å koma inn i Guds rike.

Kva skal til for å koma inn i Guds rike og høyre til der? Me må bli som born, alle i hop.

Kan de prøve å tenkja tanken ut på kva born er kjempegode på: Dei forstår seg på kvar dei får det dei treng av omsorg og kjærleik.

Så langt har visst ingen funne oppkomme av meir omsorg og kjærleik enn kva som finst i Jesu liv og død for oss. Det blir vel ikkje heller.