Når den bestemmer som veit best
Peter vil gjerne ha eit ord med i laget når framtida er tema. Me som veit korleis det gjekk på Jesu siste tur til Jerusalem, kan vera glad han fekk bestemme sjølv som visste best. Han veit kva som ventar av liding og død, men vil likevel. Blant anna må vel målet vera at Guds vilje skal råda på jorda slik som i himmelen. Så er det å vita seg som ein del av dette store målet. Preika frå Tomasmessa i Rindal kyrkje sundag kveld er som fylgjer:
Preike Tomasmesse Rindal kyrkje 26.02.12.
Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.
Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»
Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.» Matt 16,21-23
Vilje – kva er det?
Kva vil eg og kva vil folk?
Kva vil Peter og kva vil Jesus?
Kven er det som bestemmer – slik eigentleg?
Om Jesus bestemmer, blir det som han vil. Om eg bestemmer, blir det dermed som eg vil? Eller blir det heller som om evna til å få igjennom viljen blir som eit paff av ein ambisjon? – det var vel helst slik, ja.
Det ligg til oss folk å ville bestemme. Slik har det alltid vore, om enn all historisk erfaring tilseier at det ikkje alltid er like lurt. Vesle vitet strekk ikkje til, same kor velskolerte me måtte vera.
Det ligg til Peter å ville bestemme. Og duverden kor han blir sett på plass. Psykologisk sett er det ein overreaksjon Jesus kjem med. Uhøfleg og lite sympatisk blir Peter kalla for Satan.
Dermed er DET sagt: Jesus vil det han skal. Jesus vil døy. Han veit det skal skje og vil at det skal skje. Han som er Guds son og Menneskeson i same person.
Peter syns det er urimeleg og vondt. Forståeleg nok. Dei er jo vener, må vita.
Kva så med oss? Er me vener med Jesus, har me òg ein smule begrep om kva dette me kallar for frelse kostar.
Det kostar liv og helse. Det kostar notid og framtid. Det kostar alt.
For at me skal få alt.
Jesus bestemmer seg gong på gong for å gje oss alt me treng i liv og død. Han vil – og det blir som Jesus vil.
For oss blir det på same viset: Me bestemmer oss for å høyre Jesus til. Nokre av oss gjer det for fyrste gong, mens andre gjer det for tusande gong. Det kjem ikkje noko tu – berre det blir gjort.
Jesus har bestemt seg for å gje oss alt me treng i liv og død. Han gjev seg sjølv til soning for alle syndene våre.
Kva me så gjer, om me bestemmer oss for å høyre til hos Jesus, kan me også stole på at me får alt han kjem for å gje oss.
Og til slutt – kven får vilja si då? Det kan vera både Jesus og me blir bønnhøyrde i vårt Fadervår: Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Når Jesus får det som han vil og går i liding og død med opne auge, då skjer Guds vilje på jorda slik som i himmelen. Då blir Guds rike opna for oss.