Alle førskulebarna møttest i Kulturhuset
Mykje moro på barnehagedagen
Barnehagedagen blir markert i mars kvart år, og det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalet for barnehager som står saman bak dette. Formålet er å synleggjere kva barna får oppleve, erfare og lære i barnehagen.
I år er barnehagedagen tysdag 12. mars. Dette er ein nasjonal dag, med ulike markeringar rundt om i landet. I Surnadal blir dagen markert på kvar barnehage, men i tillegg er det ei ekstra satsing på førskulebarna, dei som går siste året i barnehagen før skulestart. I år var det 58 skulestartarar som samlast på Kulturhuset for å feire dagen.
Barnehagane i Surnadal får kvart år støtte frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet lokalt, for å gjennomføre dette arrangementet.
«Eg undrer meg på...»
Kvart år er det eit nytt tema på denne dagen, og i år var temaet: «Eg lurer på» eller «Eg undrer meg på...». Barnehagedagen i år skal synleggjere korleis barnehagene arbeider med å ta vare på og stimulere barna si nysgjerrigheit. Gjennom leik, undring, utforsking og skapande aktiviteter skal barna utvikle kunnskaper og ferdigheter innenfor ulike områder.
For å lykkast med det må dei tilsette bruke varierte arbeidsmåtar, og ta utgangspunkt i barnet og barnegruppa sine behov. Det skal gis plass og rom til barna si nysgjerrigheit, stimulere til undring og utforskning, skape engasjement, interesse og motivasjon til nye erfaringar, kunnskap og opplevingar. Barnehagen skal være bevisst på barna sine ulike uttrykksformer og tilrettelegge for barna si medvirkning.
Fint å møtast i Kulturhuset
Einheitsleiar i Midtigrenda barnehage Signe Lill Aasland er med arbeidsgruppa som har planlagt arrangementet for førskulebarna. Ho fortel at dette det fungerer svært godt å ha dette arrangementet i Kulturhuset kvart år. Her er det god plass, og barna får høve til å bli betre kjent med Kulturhuset. Dette er ein av to gonger der alle førskulebarna i Surnadal møtast i løpet av året før dei begynner på skulen. Og dette har dei gledd seg til!
Førskulebarna er delt inn i grupper, og går mellom fleire aktivitetsstasjonar. Dei bruker 20 min på kvar plass. Her er nokre fotoglimt frå dei ulike stasjonane:
Her er ein "ta på og føle"-stasjon.
Sand med ulike dyr i.
Store mengder med papp gir rom for kreativitet.
Fritt fram med klipping og liming.
Det er ekstra moro å kle seg ut med store speil på veggane!
Her i Finstuå vart knappar lagt i ulike mønster.
Den mest spennande stasjonen var kanskje Gøran Bolme sin. Her var det eksperiment med "vulkan" og farga vatn. Barna fekk og studere skinn og hovudskallar av ulike rovdyr. Mårhunden er kanskje ikkje fullt så skummel som han ser ut her ;) Gøran Bolme fekk mange spørsmål, og kunne nok ha halde på mykje lenger med kvar gruppe.
Her har det vore vulkanutbrudd!
Skinn og hovudskallar frå store rovdyr var populært.