ådne solem måøy, sindre moen rodal, ask væge glærum 2

Mykje å glede seg til

13 førsteklassingar fulle av forventningar fekk måndag sitt første møte med Stangvik oppvekstsenter, medan tredje- og fjerdeklassingane lengta etter svømming, lekser og Legoland.

Årets førsteklassekull ved Stangvik oppvekstsenter er, med sine 13 elevar, det trinnet på skulen med flest elevar.

Og det var mange spente fjes, både på elevar og foreldre, då einingsleiar Arne Landsem, kontaktlærar Anja Dalsegg Sæter, lærarvikar Andreas Dalsegg Sæter og ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) ønska dei 13 2013-modellane velkommen til skulen.

Førsteklassingane sitt første møte med skulen var ei samling i hallen, der ein og ein elev vart ropa opp ved namn. Med kule, mønstrete skulesekkar nesten like store som ungane sjølve, inntok skuledebutantane golvet – nokre med forsiktige steg, andre i ein rasande fart, som sjølv Usain Bolt ville vore stolt av.

Etter å ha helsa på einingsleiar, ordførar og lærarar, fann førsteklassingane vegen til klasserommet. Der spurte ordførar Nyheim, som i fjor besøkte Mo og Todalen i samband med skulestarten, om det var nokon som visst kva ein ordførar var for noko.

Då kom svaret kjapt:

– Ein ordførar er ein som gjer at folk høyrer etter, sa ein av elevane.

– Og ordføraren bur på ein plass som heiter kyrkje!

Det var ikkje berre førsteklassingane som starte skuleåret 2019/20 måndag. Tredjeklassingane Ask Væge Glærum og Sindre Moen Rodal, og fjerdeklassingen Ådne Solem Måøy, var og på plass.

Og kva gledar dei seg mest til?

– Ferie, seier Sindre, og får raskt støtte av Ask:

– Ja, ny ferie, for då skal eg til Legoland!

Kva har de gleda dykk mest til med å starte på skulen igjen, då?

– Å sjå att vennene mine, seier Ådne.

– Ja! Og alle dei teite leksene, svarar Ask.

– Dei gler vi oss kjempegælle til. Nei, vi gjer ikkje det. Men det er viktig at vi gjer dei likevel, seier Sindre, som trekkjer fram norsk som det faget han trivst best med.

– Nei, eg gler meg mest til gym, seier Ask, før Ådne kjem med det som til slutt skal vise seg å verte trioen sitt endelege svar:

– Svømming!

– Ja, svømming e det gævvast, seier dei tre omtrent i kor, medan dei sprett opp til lyden av skuleklokka, og spring inn til ny skuletime.

Ingressfoto: Ådne Solem Måøy (f.v.), Sindre Moen Rodal og Ask Væge Glærum.

førsteklassingar, fadrar og ordførar 690.jpg
Førsteklassingane saman med fadrane sine og ordførar Lilly Gunn Nyheim. (Stangvik oppvekstsenter ønskjer ikkje å gi ut namna på elevane, journ.anm.).

sivert stenberg, arne landsem og lilly gunn nyheim.jpg
Førsteklassing Sivert Stenberg helsar på einingsleiar Arne Landsem, medan ordførar (og mormor) Lilly Gunn Nyheim følgjer med.

leik saman med fadrane.jpg
Førsteklassingane fann raskt vegen til leikeapparata.

andreas dalsegg sæter og lilly gunn nyheim.jpg
Lærarvikar Andreas Dalsegg Sæter og ordførar Lilly Gunn Nyheim.