Musikk og botanikk på Sjøbruksmuseet
Tangorytmer med Hjemmelaget og botanisk lokalhistorie om J. Chr. Tokle fylte museet i Bøfjorden søndag.
Kombinasjonen musikk og bokpresentasjon fungerte fint. Fire frå gruppa Hjemmelaget spela fengande og stilsikkert både tysk og argentinsk tango, franske musetteperler, evergreens av Ellington og Carmichael og vakre filmtema av Nino Rota og. Peder Hønsvik førte an på trekkspel - Espen Wilhelmsen, Roger Jensen og Tony Hopen supplerte med gitar, bass og trommer. Ei begeistra forsamling kravde ekstranummer - og fekk det.
Roger Jensen (frå venstre), Peder Hønsvik, Tony Hopen og Espen Wilhelmsen underheldt med god musikk.
Have-Journal
Med doktorgrad i plantekunnskap hadde Katarina Wedelsbäck-Bladh ein fin presentasjon av livsverket til rosemålaren og hagedyrkaren Jacob Christian Tokle (1779-1858) frå Stangvik. Under tittelen "Dagbok 1827-1838" har Nordmøre Museum gjeve ut hans "Have-Journal".
Dr. agric. Katarina Wedelsbäck-Bladh flankert av Alf Solem (t.v.) og Ole Flessen. Alf har teke vare på attestar frå Tokle si verksemd som reservelege og vaksinatør. Ole er i dag eigar av Trodalen, som Tokle hadde i 1830-åra.
Her dokumenterer bonden frå Stangvika sitt ambisiøse hageprosjekt med import og dyrking av eit tusental europeiske plantar. Sjøl om ikkje alt lykkast fullt ut, var han somtid føre nabolanda med å ta i bruk nye plantesortar. Tokle hadde nær kontakt med handelsfamilien Kaasbøl i Kristiansund og fekk via Kaasbøls skipsruter sendt planter frå dei fremste forhandlarane i Tyskland.
Entusiasten hadde eit lidenskapeleg forhold til plantene. Når han venta skipssendingar, var det som om personlege venner var ute på havet: - Gud, i hvis Haand jeg anbefalet mine forventete Planter, ved hvordan det nu staar til med dem – om de ligge paa Havsbunden eller ere i Behold.
Kulturhistorie
Wedelsbäck-Bladh har faglege kommentarar til den rike floraen i Tokle-katalogen. Elles formidlar både Odd Williamsen og Tokle sjøl interessante kulturhistoriske opplysningar - om sjukdom, heimebrenning, buforhold og bygdefolk. Vi får levande innsikt i daglegliv året rundt i bygdesenteret på indre Nordmøre.
Vi les at Stangvik-tømraren Lars Olsen var med kleppfiskhandlar William Lesley til Skottland og reiste ei nordmørsk "røykjestue" der. Like eins at Tokle bygde lysthus av ei gammal bu frå Nes: - Traditionen siger, at Norges merkværdige Konge, den Hellige Olluf, paa en Rejse til eller fra Søndmør har sovet en Nat i denne Bod.
Utanom bondeyrket, rosemåling av kister og plantedyrking dreiv Tokle som politikar, skyssvert, vaksinatør og forfattar.
Tokle-kiste til «Ildri Christensdatter Treekrem 1841». (Foto frå boka)
Fascinerande
Saman med Maja Frønes er Katarina Wedelsbäck-Bladh engasjert i arboretet i Svinvika, og ho gav også innblikk i det store arbeidet Halvor Svinvik har utretta der - på eit vis som oppfølgjar av Tokle.
Boka er rikt illustrert, både med Tokle-kister, planter og gamle måleri frå Nordmøre. Fascinerande presentasjon av ein fascinerande kulturperson!
Skal ein sette fingeren på noko, må det vera at dagboksnotata burde ha vore betre redigert – bl.a. med kortare og ryddigare setningar, retting av tydelege ordfeil og med betre bruk av komma og punktum!
Så er spørsmålet: Finst det enno att vekster frå Tokle sitt prosjekt i Stangvika? Publikum er oppfordra til å lesa boka, studere den illustrerte plantekatalogen og finne svar på dette!
Sluppen «Glæden» kom med frukttre frå Hamburg til Tokle i 1827. (Foto frå boka)
Bringebær hørte til. (Foto frå boka)
Tokle (Tochle!) attesterer at han i 1833 har vaksinert lille Svend i Baklia mot koppar. (Eigar av dokument: Alf Solem)
Innsendt av Bernt G Bøe