
Museumsdag på Åsen
Alle er velkomne til museumssøndag på Åsen bygdemuseum søndag 31.juli, og denne gongen er det Åsens Venner, museet sitt venelag som står for arrangementet.
Meir om dette finn du inne på saka og på Surnadal Kommune sine nettsider.
Klokka 13 vil det bli ei orientering om venelagets arbeid med utmarksløa som vart teke ned frå si opprinnelege plassering i Tjønnslettet ved Grytvatnet på Austre Nordmarka, og sett opp igjen nord for museumstunet i 2008.
Det vert ei samling på museet før ein i samla flokk går og ser på løa. Vegstrekninga frå museet til løa ein levning av Den Trondhjemske Postveg som vart etablert i 1787, og skal ha gått gjennom tunet på Åsen.
Ellest kan du vere med på natursti, sjå deg om i utstillingane, og ha ei triveleg stund med kaffe og bakels.
Prosjektet med å flytte denne utmarksløa som museet hadde fått i gåve var omfattande og arbeidssamt. Her har det vorte lagt ned mange arbeidstimar, og mange har stilt opp for å få dette realisert.
Denne dagen vil venelaget vise seg fram, og dersom du er interessert i museumsarbeid og lokalhistorie, og kanskje kunne tenkje deg å vere med i Åsens Venner har du denne dagen høve til å få vite litt meir om laget, og melde deg inn om du har lyst. Åsens Venner ønskjer seg nye medlemmar, både kvinner og menn, i alle aldrar, som kan bidra til aktivitet i laget.
Opningstid frå 12.00-16.00. Kl. 13.00 : Orientering om markaslått + høyløa frå Tjønnslettet. Kaffesal + bakels heile dagen, og natursti med innlevering klokka 15.30.
Bill: Born 20/ Vaksne 50
Åsens Venner og Surnadal Museum ønskjer alle velkomne til ein innhaldsrik og triveleg dag på museet !
Tekst og foto: Maja Frønes/Surnadal kommune