åsen6

MUSEUMSDAG PÅ ÅSEN BYGDEMUSEUM 17. JULI

17. juli arrangerer historielaga i Stangvik og Todalen i samarbeid med Surnadal Museum aktivitetsdag på Åsen. Bjørn Austigard kåserer, du kan få kjøpt lokale smaksopplevingar som dravle, - og berre nyte ein kopp kaffe i godt lag.

Les meir for å sjå program for dagen !

PROGRAM FOR MUSEUMSDAG 17. JULI 12.00-16.00

Kl. 12 : Vi opnar dørene Kl. 13 og kl 14 : Kåseri om HAVREN ( i samband med 2011- Havrens år) av Bjørn Austigard, -museumsmann , kulturpersonlegheit og eikesdaling, med talegåva i behald !

NB! Pga begrensa antal plassar i lokalet sett vi opp to ”forestillingar”.

Heile dagen : Turar med hest og vogn, natursti og quiss for ungar og vaksne. Gamle radioar/platespelarar gir lyd frå 50-tals stua. Tradisjonsmat og kaffesal – dravle, bakels og graut, havregraut, tjukklefse og anna heimebaka av økologisk mjøl/spelt. Opne museumsutstillingar.

VELKOMEN TIL EIN STEMINGSFYLT MUSEUMSDAG PÅ ÅSEN !

Bill: Born 20,-/ Vaksne 50,-

For meir informasjon om museet/kart :www. nordmore.museum.no/