
Mulegheitenes valg
Mulegheiter er vèl og bra, men for at ”Midt i mulegheitene” ikkje skal bli eit innhaldslaust mantra, treng vi innbyggjarar, leiarar og ikkje minst politikarar som veit å utnytte desse mulegheitene. Ein viktig eigenskap i så måte er vilje og evne til å sjå på saker og situasjoner med opne auge og i nytt lys.
Prosjektet med fergefritt samband over Todalsfjorden gir oss ein god mulegheit, både til å realisere eit viktig samferdselsprosjekt og å teste endrinsvilja/-evna vår. Skal vi få til brualternativet, den løysinga det verkar på meg som om ”alle” tykkjer ”eigentleg hadde vore den beste”, må vi ha politikarar som evner og ikkje minst har vilje til å sjå at verda har endra seg ift. det som låg til grunn i det gode arbeidet som har vore gjort til no, og for vedtak gjort for fleire (ti)år sidan. Og at vi no har ein unik mulegheit til å få ei enda betre og løysing enn den lange tunnelen som no ligg til grunn.
Det er positivt å sjå at det no verkar å vere fleire listekandidatar – til og med i Surnadal Sp, inkl. ordførarkandidaten – som er villige til å sjå nærare på brualternativet og kva det innebær, både når det gjeld eigentlege kostnadar, gevinster og tidsline. Surnadal Arbeidarparti si gruppe verkar dessverre meir låst til sin støe kurs mot langtunnelen – og dermed bort frå mulegheitene til ein kortare; vakrare; meir inkluderande, fleksibel, skånsom og miljøvennleg veg; som i tillegg er rimelegare å vedlikehalde.
Godt valg!
Trond Skogseth
PS: Det er vanskeleg for meg å sjå at langtunnelalternativet inneheld fordelar utover det brualternativet gir, og motsett at brualternativet har ulemper utover det langtunnelen har. Nokre har meint at muleg rasering av Svinvika er ein slik. I løpet av dei siste dagane har eg høyrt gode idear til to-tre mulege løysingar på denne utfordringa. Difor har eg god tru på at vi, igjen viss vilja er der, vil finne ei god løysing på dette i løpet av dei fleire tusen dagane som er att fram til dette prosjektet blir påbegynt. ds