Mons Otnes ny rektor

Ordførar i Surnadal, Mons Otnes, er tilsett som ny rektor ved Surnadal vidaregåande skole. Otnes har tidlegare vore kulturleiar i Surnadal, og er utdanna diplomøkonom. Han har vore ordførar i Surnadal sida 2007.

Mons tek over etter Anders Talgø, som blir pensjonist frå hausten av.

Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding måndag:

Otnes er no ordførar i Surnadal kommune og vil søkje kommunestyret om fritak frå vervet frå 01.09.14 og ut perioden (september -15). Kommunestyret i Surnadal kommune vil behandle søknaden i sitt møte 20.06.14.

Mons Otnes er utdanna diplomøkonom frå BI (1992). I løpet av utdanninga arbeidde han eit semester som lærar og leiar for skolefritidsordninga ved Valsøyfjord barne- og ungdomsskole og gjennomførte førstegongsteneste.

Etter fullført Bachelor starta han som dagleg leiar i Finnmark Røde Kors, ei stilling han hadde fram til 1999 då han starta i prosjektleiarstilling i Nordmøre Næringsråd i prosjektet Heimatt til Nordmøre.

Frå 2000 har han vore tilsett som einingsleiar kultur i Surnadal kommune, ei stilling han no har permisjon frå, medan han er ordførar i kommunen. Frå 2009 har Otnes vore medlem i skoleutvalet ved Surnadal vgs og frå 2012 har han vore leiar i utvalet.

Kilde: http://mrfylke.no/Organisasjon/Info/Pressemeldingar/Tilsetting-av-rektor-ved-Surnadal-vidaregaaande-skole