Blide dreker etter god stafett

Mogstad og Einmo topp 15 - Berset nummer 24 av 205

Ragnhild Mogstad vart nummer 14 og Malin Einmo nummer 15 då kvinnene fødd i 1999 og 2000 gjekk 15 kilometer fri teknikk under junior-NM på Savalen laurdag. Også Kristoffer Berset imponerte, og vart nummer 24 av 205 deltakarar.

Ingressfoto: Ragnhild Mogstad (t.v.) og Malin Einmo (midten) gjekk seg begge inn blant topp 15 av 96 startande i klassa for kvinner fødd i 1999 og 2000 laurdag. Til høgre er Alise Einmo. Foto: Surnadal IL.

Under andre dag av junior-NM på ski på Savalen er det fri teknikk som gjeld. Distansane varierer etter aldersklassene. Kvinner 17 (K17)-klassa går 7,5 kilometer, medan K18 og Menn 17 (M17) går 10. K19/20 og M18 går 15 kilometer, medan den eldste herreklassa, M19/20, går 20 kilometer.

Første lokale utøvar ut laurdag var Jøri Vatten frå Surnadal IL i klassa K17. Ho vart nummer 82 av 106 startande, 5.11,6 bak vinnaren, Maria Hartz Melling frå Konnerud IL. Melling vann og klassiskrennet på fredag, og laurdag var ho 9,1 sekund framfor Anna Heggen frå Svea Skilag og 23,1 sekund framfor Emma Kirkeberg Mørk frå Drammens Ballklubb.

I klassa over, K18, tok stortalentet Helene Marie Fossesholm frå Eiker ein ny utklassingsseier. Etter dei 10 kilometerane var ho heile 1.56,8 framfor Margrethe Bergane frå Konnerud og 2.31,4 framfor Runa Nykkelmo Ulvang frå Kjelsås IL. Ingen lokale utøvarar deltek i denne klassa.
 

Gode prestasjonar i K19/20

Ragnhild Mogstad stod for den beste lokale prestasjonen då ho vart nummer 20 i klassiskrennet i K19/20-klassa fredag. Laurdag skulle både ho og dei eitt år yngre klubbvenninnene Malin Einmo og Ane Mogstad ut på 15 kilometer fri teknikk. 

Både Ragnhild Mogstad og Malin Einmo gjekk raskt frå start, og ved første passeringspunkt var Einmo nummer 10 og Ragnhild Mogstad nummer 13 av 96 startande. Ane Mogstad passerte same punkt som nummer 65. Både Ragnhild Mogstad og Malin Einmo heldt seg på plassar mellom 10 og 15 ved alle passeringar, og ved runding halvvegs i løpet var dei to klubbvenninnene likt på delt 13. plass, 1.48,1 bak leiaren, Astrid Stav frå Varden Meråker. 

2000-modell Einmo og 1999-modell Mogstad følgde kvarandre tett i resten av løpet og, og i mål skilte det 2,7 sekund i favør Mogstad. Det heldt til 14. og 15. plass for dei to, rett bak meir kjende Kristine Stavås Skistad, som vart nummer 13. Mogstad og Einmo var henhaldsvis 3.08,8 og 3.11,5 bak vinnaren Stav. Sølvet gjekk til Julie Bjervig Drivenes frå Lommedalen, medan Julie Waltenberg frå Lyngen/Karnes tok bronsemedaljen. Ane Mogstad vart nummer 69, 9.20,3 bak gullvinnaren.

I klassa for gutar fødd i 2002 skulle egentleg Erik Løfald frå Rindal IL og Njaal Lundemo Aakvik frå Surnadal IL gå, men begge måtte stå over på grunn av sjukdom. Sander Teisbekk frå ROS IL gjekk inn til gull, 8,2 sekund framfor klassisk-vinnaren frå fredag, Johannes Staune-Mittet frå Lillehammer. Stian Grønli frå Fet SK tok bronsemedaljen i M17-klassa.
 

Berset nummer 24 av 205 deltakarar

Kristoffer Berset var i aksjon i klassa M19/20, som gjekk 20 kilometer. Ved det første passeringspunktet låg Berset på ein imponerande 7. plass av heile 205 startande, og på andre punkt var surnadalingen nummer 10 - 45,8 sekund bak leiande Håvard Moseby frå Kjelsås IL. Berset hadde ved dette punktet berre fem sekund opp til femteplass. Utover i rennet vart det noko tyngre for Berset, som likevel leverte ein sterk prestasjon: han enda nemleg på ein 24. plass av heile 205 deltakarar.

Håvard Moseby og 2000-modellen Iver Tildheim Andersen frå Rustad var i ei klasse for seg laurdag, og i mål var Moseby 14,7 sekund framfor Andersen. Bronsemedaljen gjekk til Magnus Øyaas Håbrekke frå Melhus, som var 1.48,7 bak Moseby. Filip Fjeld Andersen på fjerdeplass var 2.40,3 bak vinnaren, så det skilte mykje på dagens 20-kilometer. Kristoffer Berset var til slutt 4.30,8 bak Moseby, men berre minuttet bak ei topp 10-plassering.

I klassa for M18 deltok ingen lokale utøvarar. Her tok Edvard Sandvik frå Kjelsås gull, 46,8 sekund framfor Martin Kirkeberg Mørk frå Drammens Ballklubb. Lars Agnar Hjelmeset frå Gjelleråsen tok bronsemedaljen, 56,8 sekund bak Sandvik.
 

Rindal IL og Surnadal IL er medlemmar av Trollheimsporten.