Surnadal ungdomsskule melder:
Modige førebilete
9. trinn ved Surnadal ungdomsskule har gjennomført den siste MOT-økta for i år.
Temaet var refleksjon rundt det å vere modig og gruppene skulle kåre sine eigne modige førebilete.
Ut frå grunngjevingane var det Pål, Torstein og Eirik som vart kåra til førebilete i sine grupper. Dei i fekk diplom med grunngjevingane frå dei andre i gruppe og MOT-lue til minne om kåringa.