Idjaji BLA (3)_500x367

på kyrkjelydshuset på Skei søndag 19. februar kl.15.00

Misjon med vasshjul og vognhjul

Det handlar om vatn, vasshjul og misjon, om kyrkje og kverndrift, om selety og vognhjul, om å skape fred og lette børene for folk og dyr når Åse og Hans Birger Neergård kjem på besøk til kyrkjelydane i Stangvik og Surnadal og fortel om erfaringane sine frå misjonsprosjektet i Beghi i Etiopia.


 

Dei to har arbeidd i felten og har mykje spennande å fortelje derifrå. No er Hans Birger pensjonist og rådgjevar, men har nyleg vore på Etiopia-besøk. Slik fortel han frå dette besøket:


 

Å bære tungt langs en kjørevei burde være unødvendig når hjulet er oppfunnet. Likevel er det skjebnen til millioner av kvinner og esler her i Etiopia. Heldigvis gjør arbeidet med å lære folk å bygge hjulnav, akslinger, vogner og seletøy gode framskritt. Nå på slutten av dette oppholdet hadde vi en stor dag i Ambo for folk som bruker vogner. Oromia TV var med og gjorde opptak som skulle sendes over hele Etiopia

. ……………

 

Kellem kirkeChemeda Abdissa og Yoseph Gari er nå trolig de som er best skolert her i Etiopia på seletøy, hovstell, vogner og ploger for trekkdyr. De må derfor få fortsette å arbeide som instruktører på forskjellige steder i landet. Mange ber dem om å komme for å lære seg å sette hjul under tunge bører. Dette lover godt.


 

Kyrkjelydane i Stangvik har ein langsiktig avtale om å støtte dette prosjektet. Neergård er ein stor forteljar og ein lun humorist med mange dramatiske opplevingar bak seg i Etiopia. Gjennom ord og bilete vil han ta oss med til Beghi.


 

Det startar med gudstenestemøte og held fram med kyrkjekaffe og misjonsforedrag med lysbilete søndag ettermiddag kl.15.00..

 

 

 


 

Velkomne til kyrkjelydshuset på Skei
Søndag 19.februar 2012
kl.15.00!