Minner om båndtvang
- Surnadal kommune vil gjerne minne om reglene for båndtvang hos oss. Ingen spesiell grunn som gjør at vi tar opp saken nå, dette er bare ei generell påminning, sier Bodil Gjeldnes, miljøvernrådgiver i Surnadal kommune. Hele bestemmelsen for båndtvang ser du inne på saken sammen med oversikt over grensene for Purka naturreservat.
Desse reglane gjeld for bandtvang:
Jfr. hundelova §6 skal hundar i heile landet, og uansett kor, haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt i perioden 1. april – 20. august.
Formålet er å unngå at hundar jagar eller skadar storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo.
Surnadal kommune har i tillegg, med heimel i hundelova, fastsett eiga forskrift som utvidar perioden for bandtvang:
§ 1. Generell bandtvangstid
Eigar eller innehavar av hund i Surnadal kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i område der bufe beiter og i den tid bufe beiter, frå og med 1. april til og med 31. oktober.
§ 2. Sikring av hund
Hunder skal haldast i band, eller forsvarleg innestengt eller inngjerda
a) i og i tilknytning til boligområder og handleområder
b) i parker, på kirkegårder, grav- og urnelunder, på og ved skoler, barnehager og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon
c) på og ved bestemt angitte turstier, turveier, merkede skiløyper, leir-og rasteplasser.
§ 3. Unntak
Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova. Dette gjeld m.a.
- hund når den blir brukt i reindrift
- dressert hund brukt til gjeting
- hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
- hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sykt vilt
- særlige bruksformål, jf. § 9 pkt. e i hundelova
- hund brukt til jakt, organisert jakthundtrening og organisert jaktprøving.
I Purka, Sæterøya, Grimsmoen og Ranesevja naturreservat er det bandtvang heile året med heimel i verneforskrifta for desse områda. Då det er særleg mange som luftar hund i området Røtet / Syltøran viser vi her grensene for Purka naturreservat: