Miljøskulen NoFo
Nordmøre Folkehøgskule (NoFo) satsar stadig meir på å bli ein miljøskole. I haust fekk skolen godkjenning som Fairtradebedrift, og dei jobbar stadig meir med kjeldesortering. Over ser du frå venstre: Erik Moen, Eivind Hoff-Elimari, Christian Olsen og Eli Vullum med Fairtradesertifikatet.
Foto over: Kjell Gunnar Polden.
Denne veka har dei hatt minst ei sak som handlar om miljø kvar dag, og laurdag hadde dei besøk av Eivind Hoff-Elimari som hadde forelesing for skolen. Han har mellom anna skrive boka «Gull eller Grønne skoger? Politikk for det gode liv."
Hoff-Elimari (over) kjem frå Nesodden, men har hatt eit omflakkande liv både med studier og arbeid. Lengst, 8 år, arbeidde han som lobbyist for WWF og Bellona i Brussel. Lærer Christian Olsen er talsmann for miljøsatsinga og er han som har fått tak i forelesaren. Miljøpartiet ved Erik Moen og Eli Vullum var også der, og dei støttar dette tiltaket varmt.
Laurdag fekk elevane delta i ei forelesing om miljøtanken, om det grøne skiftet, om dannelse, og dei fekk delta aktivt med sine idear og tankar.
Folkehøgskulen er "dannelse", dannelse til gode menneske. Hoff-Elimari meinte derfor at han var på rett plass med forelesinga og tankane sine, og han fekk også dei unge til å komme med sine tankar og haldningar.
Boka hans, "Gull eller grønne skoger?" med politikk for det gode liv representerer også ei dannelsesreise. Vi fekk høre om det grøne skiftet, men vi fekk og høre om Bhutan som ikkje snakkar om brutto nasjonalprodukt, men heller snakkar om brutto nasjonal lykkeprodukt. Det er eit slags nasjonal innpakning av buddhismen.
Han greip også tak i omgrepet "økonomisk vekst". Vi må vite kvar vi vil, ikkje vekst for vekstens skuld.
- Økonomane er som taxisjåførar, seier Hoff-Elimari. - Dei er veldig nyttige når vi veit kvar vi skal.
Lærar Christian Olsen og forelesar Eivind Hoff-Elimari. Foto: Kjell Gunnar Polden.
Som øving fekk elevane summe saman i nokre minutt om kva dei verdsette høgast i livet. Etterpå vart tavla fylt med gode tema som forelesaren tok tak i og pensa over til omgrepet "verdiar."
Foto: Kjell Gunnar Polden
Verdiar er ledestjerner i livet som overskriv enkelthandlingar og -situasjonar, tener som målestokk eller kriteriar og er abstrakte og sjeldan bevisste.
Øvingane som elevane fekk delta i skapte engasjement, og elevane deltok aktivt med modne forslag og innlegg. Det viste seg da dei skulle rangere ei stor liste av verdiar med klistermerke. 5 grøne klisterlappar for dei viktigaste verdiane og 5 raude lappar for dei minst viktige verdiane. Da kom det fram ulike tolkningar og god samtale med oppklaringar etterpå.
Her er det eigentleg grøne og raude klisterlappar ved side av utsegnene, men vi ser berre kva utsegner som engasjerte, ikkje fargane.
Før vi forlot folkehøgskulen fekk vi høre litt meir om Fairtrade og NoFo. Tanken om ei miljøsatsing går tilbake til våren 2017. Dei jobba med utfordringa heile siste skuleåret. Da hadde dei ei valgfaggruppe som jobba med miljø.
Fleire miljømerke vart vurdert før dei hamna hos Fairtrade. I august vart NOFO godkjent som den 21. folkehøgskulen som er Fairtradesertifisert.
Fairtrade betyr bærekraftig råvareproduksjon og rettferdig handel. Fairtrade prøver a legge best muleg tilrette for bærekraftig produksjon av råvarer og rettferdig handel med desse. Bøndene og arbeidarane som produserer råvarene får eit stadig fastare grep om rattet i organisasjonen.
Det er særleg kjøkenet som blir påverka av denne sertifiseringa. Dei må velge varer som på førehand er sertifiserte, og vi tenker først og fremst på kaffe, kakao og sjokolade. Så må dei tilsette og elevane følge opp privat!
Kjeldesortering har NoFo jobba med i fleire år. Her samarbeider dei med HAMOS og Retura, som har stilt med forelesarar. Dei har også Miljøstasjonen til HAMOS som er forbilledleg.
Olsen gav også elevrådet ved skulen i haust god attest som gode medspelarar. De organiserer ei innsamling av dratappar, opningsringane på brusboksar, som skal resirkulerast som protesar i utviklingsland.
Alt tyder på at engasjementet til elevane vil vare.