ok tor fredrik mikkelsen mot grim sæterbø i kvartfinalen 2019

Mikkelsen seirande ut av Surnadal-møtet i felthurtigskyting

Det vart svært spennande sett med lokale auger då Tor Fredrik Mikkelsen og Grim Sæterbø møttest i kvartfinalen i felthurtigskyting under Landsskytterstevnet på Evje torsdag. Mikkelsen gjekk seirande ut av duellen, og sikra seg til slutt ei sterk topp fire-plassering.

Både Tor Fredrik Mikkelsen og Grim Sæterbø frå Surnadal kvalifiserte seg til finalane i felthurtigskyting under Landskytterstevnet på Evje.

I den innleiande skytinga hadde Mikkelsen den fjerde raskaste tida av alle, med 7.36. Grim Sæterbø var 12. raskast med 8.37.

Medan Mikkelsen skyt for Surnadal skytterlag, representerte Sæterbø Hv-11 Møre og Fjordane. Med 12. raskaste tid totalt var han og raskast av alle i Militær-NM, og fekk dermed sin fortente medalje der.

Torsdag var det klart for finalane, som starta med åttedelsfinalar. Mikkelsen og Røen måtte vente heilt til henhaldsvis den nest siste og den siste åttedelsfinalen før det var deira tur, men når dei endeleg var i aksjon leverte dei for alvor varene.

Mikkelsen skulle måle krefter mot Stian Valand, og surnadalingen gjorde kort prosess, med tre raske, solide treff og tida 8.20. 

Neste par ut var Grim Sæterbø og Simen Bredvold, og også her vart det jubel for dei tilreisande frå Nordmøre. Sæterbø var lynkjapp på første blink, og når han og traff tredje og siste blink på første skot, tålte han at han måtte ha tre forsøk på blink nummer to. Tida vart 10.00, noko Sæterbø omtala som svak skyting i intervju med konferansieren like etter å ha gått vidare til kvartfinalen.

Og i kvartfinalen vart det altså eit skikkeleg Surnadal-oppgjer, når Mikkelsen og Sæterbø kjempa om semifinaleplass.

Begge fekk ein kjempestart med treff på første blink på første skot, før det vart bom for Mikkelsen og treff for Sæterbø på første skot på andre blink. Sæterbø hadde dermed sjansen til å sikre seg semifinaleplass, men bomma på skotet som kunne avgjort semifinalen til hans fordel.

I staden traff Mikkelsen først med andre skot på andre blink, og deretter på sitt første skot på tredje og siste blink. Dermed hjalp det lite for Sæterbø at han traff på sitt andre skot på den siste blinken, for medan han klokka inn på 9.75 stoppa tida til Tor Fredrik Mikkelsen på 9.45.

Like etter surnadalsmøtet var Tor Fredrik Mikkelsen i semifinaleaksjon mot Andreas R. Nordvik frå Stavanger. Igjen traff begge skyttarane på første skot, men på andre blink vart det bom for Mikkelsen og treff for Nordvik. Den unge skyttaren frå Surnadal var lynrask til å treffe med andreskotet, og då Nordvik bomma på sitt første skot på siste blink, hadde Mikkelsen mulegheita til å ta seg til finalen.

Dessverre vart det bom for Mikkelsen, og då Nordvik traff på andreskotet, og dermed fullførte på 10.14, vart det exit i semifinalen for Surnadal-skyttaren. Nordvik tapte seinare finalen for Pål Øyvind Ørmen frå Råde.

Med Mikkelsen topp 4 og Sæterbø topp 8, har surnadalingane verkeleg gjort seg bemerka under "stuparen" på Evje i år.

Alle foto: Skjermdumpar frå NRK si direktesending.

ok gs3.png
Grim Sæterbø etter avansementet til kvartfinalen.

ok sluttspilltre.png
Slik såg duellane i felthurtigskyting-finalane ut torsdag.

ok tfm semi.png
Tor Fredrik Mikkelsen (nærast kamera) i semifinalen mot Andreas D. Nordvik, der skyttaren frå Stavanger til slutt gjekk seirande ut.