«Messias» - årets konsert?
Merk dykk tid og stad: Laurdag 30. november kl. 16 byr Stangvik kyrkje på årets konsertoppleving! Så å seie rett frå ovasjonar og fulle katedralar i Polen kjem Kristiansund Kammerkor med profesjonelt barokkorkester og framfører G.F. Handels knallsuksess «Messias».
Frå kjempekonserten i Lomza-katedralen i Polen nyleg
Sopranen Sigrid Vetleseter Bøe frå Bøfjorden har sjeldan vore i finare selskap. Ho får nemleg æra av å solistrolla saman med tre engelske toppsongarar – alten Rachael Lloyd, tenoren Matthew Long og bassen James Birchall. Peder Rensvik dirigerer.
«Messias» nærmast renn over av vakre melodiar og flotte korsatsar. Du vil få frysningar av både «Halleluja-koret» og brilliante soloparti. Vi seier ikkje meir i denne omgang. Men: Sett av ettermiddagen og unn deg ei oppleving utanom det vanlege!
*
Bernt G. Bøe
Medarrangør og musikkleiar i Stangvik kyrkjelyd