"Jentebore" frå Rindal. OPPDATERT!
Men kvar er originalen?
Ragnhild Stavne Bolme har sendt oss eit utklipp frå Adressa 13. oktober. Bunadseksperten Aagot Noss presenterar ein såkalt "jentebore" frå Rindal i boka "Lad og krone. Fra jente til brur". - Men kvar er originalen av "jenteboren"? spør Ragnhild Stavne Bolme.
Utklipp frå Adressa 13. oktober 2014
"Jenteboren" fanns på Tørsetgjeret i 1977, fortel Ragnhild Stavne Bolme. Den var lånt til utstilling av gamle tekstiler og sølv frå Rindal. Utstillinga var i gymnastikksalen på Rindal skule.
Ragnhild har funne eit bilde frå utstillinga i 1977. Dokka på bildet har "jenteboren" på hodet. Dokka har også på originalvesten til rindalsbunaden.
Send gjerne eit tips til Trollheimsporten, eller til Ragnhild Stavne Bolme, dersom du veit kvar "jenteboren" er no, eller kven som har teke vare på han.
Større versjon av artikkelen:
Ragnhild Stavne Bolme har no skanna det som står om denne artikkelen i boka "Lad og krone" av Aagot Noss.