Meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Surna (Trollheim kraftverk)
Fleire tiltak som vil betre forholda for fiskebestandane i Surna er tilrådd av NVE overfor Olje- og energidepartementet. Det gjeld både minstevassføring, effektkjøring og tidspunkt for teknisk revisjon av kraftverket.
NVE tilrår å sleppe minstevassføring frå inntaket i Rinna og i Store Bulu heile året, å redusere døgnbasert effektkjøring vinterstid og å justere vassinntaket i Follsjø for å få ein meir naturlig vasstemperatur nedanfor Trollheim kraftverk.
NVE tilrår også å legge teknisk revisjon av kraftverket utanom hovudperioden for utvandring av smolt, og at standardvilkår for naturforvaltning vert teke med i vilkåra. Trollheim kraftverk vil fortsatt være regionalt viktig for kraftforsyninga.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.