Medan vi ventar på val-resultatet
MEDAN VI VENTAR PÅ VAL-RESULTATET - - -
Medan vi mandagen ventar på valresultatet, er det grunn til å reflektere litt omkring valkampen. For kvar valkamp har sin eigen rytme, samtidig som valet samtidig også er prega av samfunnsendringar, teknologiske nyvinningar etc. Og som kjent: frå grekarane har vi lært at berre idiotar er uinteresserte i politikk!
Om veljarane:
Veljarane blir stadig meir ueinsarta, i tråd med befolkningsutviklinga. Frå at veljarane måtte ha både rette kjønn, seksuell legning, religion, stilling og eigedom på plass, og ikkje ha gjort noko straffbart eller tatt i mot sosialhjelp, har no alle rett til å stemme som er over 18 år. Det er ei utvikling som ikkje har gjort seg sjølv!
Riktignok kom det i valkampinnspurten synspunkt frå to filosofar om at dei som ikkje var kvalifiserte, burde bli oppfordra til å avstå frå å bruke stemmeretten sin. Vi veit jo at enkelte konservative parti alltid har meint at ikkje alle var kvalifiserte, men historia har jo samtidig lært oss at utdanning og gode stillingar ikkje er nokon garanti for gode samfunnsstyrarar. Her bør nok heller innsatsen leggast på at utdanningssystemet må legge eit godt grunnlag, og at media har eit stort ansvar når det gjeld å gi balansert og påliteleg bakgrunnsinformasjon. Samtidig kjem ein sjølvsagt ikkje unna at alle innbyggarane i eit demokrati, må oppfordrast til ein viss eigeninnsats for å skaffe seg så godt grunnlag som råd framfor valet.
Om kandidatane
Eg synest dei fremste kandidatane, dvs. partileiarane, meir og meir står i ein umenneskeleg situasjon i mediesamfunnet og spesielt i eit stortingsval – fotfølgd som dei er kvar dag og time, både om notid og fortid. Eg synest gjerne at partia burde kunne bruke fleire av sine fremste folk også i riksmedia, samtidig som media også burde vere interessert i å gjere oss kjent med fleire av dei fremste kandidatane. Samtidig synest eg riksmedia burde vere meir varsam med å lage innslag med dei fremste kandidatane på sjølve valdagene, slik vi i år møtte både statsministerkandidatane fleire gonger på valkamp søndag – etter at valet var i gong – og framtredande politikarar til og med i media tidleg mandag morgon. På same måte som internasjonale valobseratørar har stilt spørsmål ved partiagitasjon utanfor valkamplokala på valdagen, bør etter mi meining riksmedia vere varsam med profilering av kandidatar på valdagane.
I tillegg er balanseringa mellom personval og partival viktig å ha i mente. Eg synest det er synd at personfokuseringa blir så sterk at det for mange blir nesten uinteressant kva som står i partiprogrammet. Etter mi vurdering er det partiprogrammet som er «kontrakten» mellom veljar og kandidatar – og det er partiprogrammet som må brukast som utgangspunkt når vi skal etterprøve kor truverdige dei ulike kandidatane og partia er.
Om media
Det har vore svært få lokale, politiske valmøte denne valkampen. Det er naturleg at det blir fleire ved kommune- og fylkestingsval – men likevel synest eg det er synd dersom valkampen berre skal foregå i riksmedia , og utan gode koplingar til den lokale politikken.
Samtidig må eg seie at eg synest norske aviser og riksmedia – spesielt NRK – har blir svært flinke til å gjennomføre gode debattar og få fram viktige skillelinjer. Riktignok kunne enkelte av oss kanskje ønske seg meir om enkelte tema – anten det gjeld t.d. utviklingshjelp, forsvarspolitikk, ruspolitikk eller familiepolitikk, men samla sett synest eg likevel at media kjem heiderleg frå det.
Så blir det sjølvsagt eit stadig større spørsmål kva det gjer med kunnskapsnivå og balansert informasjon at stadig meir informasjon blir formidla ved direktekontakt mellom parti og veljargrupper. I kva grad kan fjesbøker, twitter og annan nettkommunikasjon utdjupe og gje veljarane stadig betre grunnlag for val som er til beste for oss alle? For det er vel det vi alle ønsker?
Eivind Hasle
6650 Surnadal
(tidl. historie- og samfunnsfaglærar og lokalpolitikar)