
Med aner frå Todalen
Måndag var Barthold Halle for fyrste gong i Todalen sidan 1970. Då besøkte han bygda saman med sønene. For nokre vil kanskje dette navnet vera kjent, då han har vore svært aktiv som instruktør innen teaterlivet og var teatersjef ved Oslo Nye Teater fra 1978 til 1984, melder todalen.no.
Bestefaren til Barthold Halle flytta frå Todalen til Kristiansund for å bli skulestyrar, kor faren Johan Halle blei født. Barthold sjølv er født i Horten, men har hatt fleire besøk i Todalen gjennom åra.
Sommarane 1942 og 1943 arbeidde han som dreng i Austigarden på Kvendset. Han minnast at han var med å sleppe hestane på beite i Kvensetdalen. Minnet om opphaldet i bygda har vorte noko drømmeaktig sidan den gongen, men er imponert over aktiviteten i bygda. Blant tinga han la merke til, var at mange av bygningane i bygda var i betre stand enn tidlegare.
Sidan 1970 har han altså ikkje vore i Todalen, men tok ein tur innom med familien då dei kom frå bryllup på Frøya.
Med seg hadde han mellom andre sønene Morten og Jesper. Morten Halle er musikar, og framførte «Juleverset» på saksofon på Todalshytta. Jesper Halle har fulgt enda tettare opp mot farens yrkesval, og er dramatikar frå teater, radio og fjernsyn.
Les meir på todalen.no.