Picasa

Massivt tre - massivt fe

Laurdag var det ope fjøs hos Sivert Mauset. Inne i det nye fjøset på Mauset, som er bygd i massivt tre, Møre Royal elementbygg frå Talgø, låg denne massive limousine-oksen.

IMGP2218_690x460.jpg

Veggene på nyfjøset er laga av fleire lag av treplank som er spikra eller skrudd saman til kompakt tre. Bordkledinga utvendig er lekta ut. Det gjev god lufting mellom kledning og vegg.

Fjøset er miljøfjøs og har naturleg ventilasjon. Under det vesle taket over mønet er det gjømt 17 ventilar. Det som ser ut som vindu, er perforerte aluminiumsplater med 50 % dekning. Slepper lys og luft inn i fjøset. Taket er isolert.

2015-10-03 15.42.20_690x388.jpg

2015-10-03 15.44.11_690x388.jpg

IMGP2213_690x459.jpg

Buskapen består av kjøttferasen limousine, -  ammekyr. Her står Svanhild Husby oppe i garden til limousineoksen på rundt 1000 kg.

IMGP2214_690x457.jpg

Både nysgjerrige interesserte og byggeinteresserte besøkte nyfjøset denne haustdagen.

IMGP2204_690x460.jpg
Svanhild Husby og Nils Inge Aasgård stod for underhaldninga, og til og med spesialskrive song til anledninga.

Dagen hadde også program med fagleg innhald og måltid for medlemmer av TYR, ein landsomfattande organisasjon for norske storfekjøttprodusenter.

IMGP2201_690x355.jpg