Marthe vann 1000 kroner!
17.september deltok Surnadal vidaregåande skole på karrieredagen som Nordmøre næringsråd arrangerte i lokala til SIV-teknikk. Skolen hadde ein "stand" der elevane kunne svare på ein quiz, og premien var eit gåvekort på 1000 kroner. Det kom inn i underkant av 200 svar, og den heldige vinnaren var Marthe Brauten som er elev i klasse 10A på Surnadal ungdomsskule.
Alle 10.klassingane i Surnadal, Sunndal, Rindal, Straumsneset og Halsa var til stades.
Skulen hadde òg ein konkurranse der elevane (som var delt inn i grupper), skulle skru inn skruvar på ein planke på kortast muleg tid. Dei fem beste gruppane fekk eit gåvekort på 200 kroner som var sponsa av Indre Nordmøre opplæringskontor. Vinnarane var frå Surnadal (2), Sunndal (2) og Straumsneset.
Fredag 4.oktober tok avdelingsleiar Lars Mikkelsen og rådgjevar Odd Ragnar Svendsen turen til ungdomsskulen for å overrekkje gevinstane. Vi gratulerer!
Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside.