Mann omkom i drukningsulykke i Halsa
Ein mann er bekrefta omkomen etter at han seint fredag kveld blei berga opp av ein innsjø i Halsa. Det bekreftar politiet i Møre og Romsdal til NRK.
Det var seint fredag kveld at politiet fekk melding om at ein person var funnen i innsjøen Botnavatnet i Halsa på Nordmøre. Det var bebuarar i nærområdet som først varsla politiet om ein tom båt, og tok seg ut for å undersøke saka nærare.