Søkartala er klare:
Mange vil gå på Surnadal vidaregåande skole
Søkartala til vidaregåande opplæring er no klare, og for Surnadal vidaregåande skole sin del er dei gode. – Eg er glad for at vi totalt sett har mange søkarar. Samtidig er det enkelte utslag som overraskar oss litt, seier rektor Mons Otnes.
Søkartala for skuleåret 2019/2020, som vart klare i dag, viser at totalt 261 elevar med ungdomsrett har Surnadal vidaregåande skole (Surnadal VGS) som førstevalet sitt.
Elevar med ungdomsrett er elevar som kjem direkte frå ungdomsskule, eller elevar under 24 år, som ikkje har brukt opp ungdomsretten sin tidlegare.
Det er denne typen søkarar som utløyser kva klassar og tilbud skulane skal ha.
– Dette er tilnærma normaltal. Litt lågare, kanskje, men samtidig førebudde vi oss på at tala kunne vere endå lågare. Tala vi fekk i dag er omtrent som normalt, seier rektor Mons Otnes.
Med 261 søkarar kan nemleg ein slå fast at det er stor søknad til Surnadal VGS. Dei ferske søkartala viser at tendensen er at det er stor pågang på studiespesialisering, der det per no er 48 søkarar med ungdomsrett.
Inneverande skuleår er det berre ein klasse med elevar som går førsteåret studiespesialisering, men tala tydar på at det neste år blir to.
Oppgang for byggfag
Samla sett er det 48 personar som har søkt plass ved førsteåret yrkesfag. Som tidlegare år, er helse og oppvekst det mest populære yrkesfagtilbodet.
Denne gongen har 21 søkarar med ungdomsrett søkt plass der, medan åtte har søkt elektro og sju personar teknikk og industriell produksjon.
På desse tre yrkesfagretningane er det færre søkarar enn i fjor, men på bygg- og anlegg svingar det stikk motsett veg.
Der er det nemleg 12 søkarar på førsteåret skuleåret 2019/20, mot berre tre i fjor, då det ikkje var grunnlag for å starte førsteklasse.
– Vi er litt overraska over at det er mindre søkarar enn venta på elektro og teknikk og industriell produksjon. Samtidig ser vi at det er langt fleire søkarar på byggfag i år enn i fjor, seier Otnes, og legg til:
– Det er vanskeleg for oss å skjønne kvifor det er såpass store svingningar frå år til år. Når det gjeld bygg og anlegg har det vore omtrent annakvart år med mange og få søkarar, det gjer det vanskeleg å spå.
– Glad for mange søkarar
Otnes seier seg likevel godt fornøgd med at mange elevar har Surnadal VGS som førsteval.
– Totalt sett er eg glad for at vi har så mange søkarar som 261. Så er det nokre utslag som overraskar oss litt, med tanke på kva elevane har valt, men slik vil det alltid vere.
Rektoren fortel at det på det noverande tidspunktet er for tidleg å slå fast dimensjoneringa av klassar og tilboda for neste skuleår.
– Utover at tala tydar på at det blir to store klassar på studiespesialisering, er det litt vanskeleg å seie korleis kabalen elles blir på førsteåret.
Vedtak om klassar og tilbod 19. mars
Prosessen vidare er no at utdanningsavdelinga i fylket kjem til å gå i dialog med alle dei vidaregåande skulane, for å drøfte om det blir heile eller halve klassar innanfor dei ulike tilboda.
Utdanningssjefen legg så fram ei innstilling, basert på desse dialogane, til utdanningsutvalet.
Saka vert sendt til politisk behandling og lagt ut på fylkeskommunen sine heimesider 12. mars, før den skal opp på eit møte i utdanningsutvalet 19. mars.
– Der blir det tradisjonelt gjort vedtak om kva skular som får kva klassar, seier Otnes, som på generelt grunnlag fortel at dersom eit tilbod ikkje blir sett i gang ved ein skule, vil elevane som har valt det tilbodet etter kvart få mulegheita til å gjere om på valet sitt.
Søkartala for skuleåret 2019/2020 ved Surnadal VGS:
Førsteåret:
Studiespesialisering: 48 søkarar med ungdomsrett, 49 søkarar totalt
Helse og oppvekst: 21 søkarar med ungdomsrett, 23 elevar totalt
Bygg og anlegg: 12 søkarar - alle med ungdomsrett
Elektro: 8 søkarar - alle med ungdomsrett
Teknikk og industriell produksjon: 7 søkarar med ungdomsrett, 9 totalt
Andreåret:
Helsefagarbeider: 12 med ungdomsrett, 17 søkarar totalt
Barn- og ungdomsarbeider: 11 søkarar - alle med ungdomsrett
Industriteknologi: 10 søkarar - alle med ungdomsrett
Automatisering (oppfølging av 1. året elektro): 2 søkarar - alle med ungdomsrett
Studiespesialisering: 14 søkarar til språk, samfunnsfag og økonomi, 12 til realfag - alle med ungdomsrett
Tredjeåret:
Studiespesialisering: 29 søkarar til språk, samfunnsfag og økonomi, 19 til realfag - alle med ungdomsrett
Påbygning til generell studiekompetanse: 26 med ungdomsrett (totalt 29 søkarar). I tillegg 5 søkarar med fullført fagbrev
Automatiseringsfaget: 8 med ungdomsrett, 11 søkarar totalt.