Gjensidige

Mange har pengar til gode

Gjensidige har dei siste åra valt å betale ein del av overskotet tilbake til sine forsikringskundar. - Då fristen gikk ut 1. november var det fortsatt 90 millionar kroner som ikkje var utbetalt. Det er rart at det er så mange som ikkje ”hentar” pengane sine, seier Kåre Korsnes ved Gjensidige Surnadal. - Alle har fått brev der vi ber om at kontonummeret vert bekrefta. Og purringar er sendt dei som ikkje har svara. Derfor vil vi fortsette med utbetalingar enno ei tid etter at fristen har gått ut, seier Korsnes.

I Gjensidige Surnadal sitt forretningsområde skal det utbetalast ca. 3,5 millionar kroner. Det er viktig at surnadalingane, og andre, får det utbyttet dei har høve til. - Her kan det ligge ekstra ressursar til julegavehandelen. Nokre ekstra hundrelappar kan koma godt med! -Det einaste som skal til er at kunden bekreftar kontonummeret sitt, seier Korsnes. - Det kan gjerast på eiga kundeside, retur av svarskjema eller ved å kontakta oss.