Målpris til Jenny Klinge
Styret i Nordmøre Mållag gir lagets målpris for 2013 til stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Surnadal. – Klinge er i dag ein av dei fremste marknadsførarane av dialektene våre og nynorsk, og er i tillegg eit flott eksempel på at ein naturleg og god språkbruk er viktig i effektiv kommunikasjon, seier leiar i mållaget, Trond Skogseth.
Målprisen frå Nordmøre Mållag blir tildelt personar eller organisasjonar som på ulike måtar har gjort ein stor innsats for nynorsken, på felt som er særleg viktige for språket. Sidan avisa Driva mottok den første prisen i 1979, har mellom andre Hans Hyldbakk, Odin Hals, Nils Tore Leivdal, Røv Mølle, Sverre Hatle og Nils Ulvund motteke prisen. I 2012 fekk forfattaren Mette Karlsvik prisen, som forutan heider og ære består av eit diplom og eit porselensfat.
I uttalen frå Nordmøre Mållag, går det fram at styret tykkjer Klinge er ein særs verdig målprisvinnar i språkåret 2013. – Vi fekk inn fleire forslag på personar som har gjort viktige bidrag for målet vårt. Men i språkåret tykte vi det var rett å vektlegge den nasjonale dimensjonen som Jenny sin språkbruk har, seier Skogseth. – Ivar Aasen og andre la grunnlaget for at vi her i landet har eit språk basert på dialektene våre, men det at Jenny Klinge og andre offentlege personar bidreg aktivt til at dette språket blir synleg og høyrt, trur vi er avgjerande for at nynorsken skal få utvikle seg og leve vidare. Når Jenny til dømes talar frå Stortingets talarstol eller i NRK på klingande surn’daling, så kan det motivere andre til å nytte dialekta si, i staden for å tru at dei er tvinga til å knote på bokmål, seier Skogseth.
Han framhevar vidare Klinge sitt aktive bruk av språket. – Jenny nyttar sosiale medium og bloggar aktivt, og slik er ho òg med på å synleggjere nynorsken for nye målgrupper. Det er dessutan artig at Jenny òg er eit døme på ein ungdom som var fast bestemt på å bytte til bokmål då ho starta på vidaregåande skule, men som likevel gjorde eit aktivt val om å halde på nynorsken. Jenny har fortalt meg at ho med god hjelp av lærar Bjarne Finnanger oppdaga den folkelege og politiske dimensjonen ved språket og moglegheita det ga til å skrive laust og leseverdig, seier Skogseth.
Målprisen vil bli tildelt ei travel Jenny Klinge på eit passande høve seinare i vår. Først skal Nordmøre Mållag halde årsmøte på Angvik til helga, for å gjere opp status etter eit aktivt språkår og stake ut den vidare kursen for laget. – Det nasjonale språkåret ga alle oss som brenn for norske språk eit løft. Håpet er òg at det kan få enda fleire til å engasjere seg i målarbeidet og det vi gjer for å sikre at dialektene og skriftspråket vårt ikkje blir overkøyrde av verken bokmål eller engelsk. Ta kontakt viss de ønskjer å støtte dette arbeidet, oppmodar Trond Skogseth til slutt.
Les intervju med Jenny Klinge på nrk Møre og Romsdal: Gjorde heilomvending - får målpris