Picasa

Søndag ettermiddag kl. 16 blir adventstida markert med lysmesse i Åsskard kyrkje

Lysmesse i Åsskard

Sentrale aktørar er konfirmantane. Dei deltek med bl.a. prosesjon, tekstlesing, litt musikk, lystenning, klokkeringing og er kyrkjevertskap. Innhaldet i messa er prega av adventstekster som peikar fram mot jula og Jesu fødsel. 


Femteklassingar er inviterte til kyrkja for å motta kvar sin bibel i gåve frå soknerådet. Dette er eit ledd i trusopplæringsarbeidet.

 

Sokneprest Bernt Venås er no tilbake i teneste etter nokre månaders studiepermisjon.

 

Soknerådet inviterer til kaffe, saft og kaker i Kyrkjestua etter lysmessa – som altså er flytta frå kveldstid til kl. 16.00.

 

På biletet ser du konfirmantane under øvinga tysdag kveld.  Frå venstre Inga Husby Foss, Guro Øien Bævre (framme), Maja Bele Dyrendalsli  (bak), Vebjørn Sæterbø Skei, John Heggem, Martinus Bævre Sollid, Sander Husby Bævre, Olav With Aasgård, Ole Kristian Solem, Ellen Kvisvik Sæterøy og Johannes Helgå Johnsen. (Tina Kristin Hoås var ikkje til stades.)

Tekst/foto: Bernt G.Bøe