Lyset du treng finst
Preike Øvre Rindal kapell 21.10.18.
Preiketekst frå Ordspr. 6:
20 Hold fast på din fars bud, min sønn,
forkast ikke rettledning fra din mor!
21 Bind dem alltid til ditt hjerte,
knytt dem om halsen!
22 Når du går, skal de lede deg,
når du ligger, skal de verne deg,
og når du våkner, skal de tale til deg.
23 For budet er en lykt, rettledningen et lys,
formaning og tilrettevisning er veien til livet.
Lesetekst frå Filipperne 2:1 Om det da er trøst i Kristus, oppmuntring i kjærligheten, fellesskap i Ånden, om det finnes medfølelse og barmhjertighet, 2 så gjør nå min glede fullkommen: Ha samme sinnelag og samme kjærlighet, vær ett i sjel og sinn. 3 Gjør ikke noe av selvhevdelse og tom ærgjerrighet, men vær ydmyke og sett de andre høyere enn dere selv. 4 Tenk ikke bare på deres eget beste, men også på de andres.
Lesetekst frå Johannes 12:35 Jesus svarte: «Ennå en liten stund er lyset hos dere. Dere må vandre mens dere har lyset, så ikke mørket faller over dere. Den som vandrer i mørket, vet ikke hvor han går hen. 36 Tro på lyset mens dere ennå har lyset, så dere kan bli lysets barn.» Da Jesus hadde sagt dette, gikk han fra dem og skjulte seg for dem.
Lyset du treng finst. Det er Helge Torvund som fyrst sa det, sjølv fekk eg vita det på ei Arbeidsveiledning sist veke. Lyset du treng finst.
Så godt å vita det, så godt at det er slik! – sjølv om det til tider kan synast både gøymt og aldeles forsvunne, dette lyset me treng.
Me kan endå til finne det hjå kvarandre! Mindre alene sammen, er temaordet for TV-innsamlinga til Kirkens bymisjon i dag. Mindre alene sammen. Så sant så sant.
Utgangspunktet for denne preika er å finne i Salomos Ordspråk. Der blir din fars bud og rettleiinga frå mor di oppskatta til noko stort og viktig for livet – for budet er ei lykt og rettleiinga eit lys.
Så viktig er boda frå far og rettleiinga frå mor at me blir oppfordra til å binde dei til hjarta for alltid og knyte dei om halsen. Når me går, skal boda og rettleiinga leie oss, når me ligg så skal dei verna oss og når når me vaknar så skal dei tala til oss.
Verda har endra seg sidan dette vart skrive. No til dags er det vel berre ultra-ortodokse jødar som bind små esker med Gudsord rundt handledd og panne.
Men har me tapt noko undervegs? Mista me noko mens me gradvis slutta å halde bodord og formaning høgt, verdifullt velsigna og forpliktande?
For fleire av oss er det nok eit både-og med dette. Guds påbod og formaningar vil eg meine er berre til det gode for oss, uansett om me er jødar eller kristne. Det er med vaksne som med born: Me har godt av å ha grenser, godt av å kunne leva og blomstra innanfor tydelege merkesteinar der både våre eigne og andre sine interesser blir ivaretatt.
På den andre sida så har vel ingen av oss klart å vekse opp utan å bli såra, krenka og manipulert på ein måte som vart vond, av foreldre som ikkje strakk til. Intensjonane kan ha vore både gode og edle, men resultatet vart faktisk ikkje alltid til å leva godt med. Innan ein av våre psykologiske teoriar opererer ein med begrepet kritiske foreldre. Du verden kor mykje vondt slike folk kan gjera – du verden kor mykje vondt ME kan gjera!
Men me kan då likevel ikkje kaste vrak på formaningar og bodord som er gode i seg sjølv berre fordi me menneskelege menneske ikkje klarer å forholde oss til dei på ein måte som er god?
Me må heller ha frimot på å bruke dei gamle bodorda og formaningane. Om me ikkje akkurat bind dei på oss i bokstaveleg forstand, kan me gjerne bruke dei for å hente energi, visdom, fred og større forstand. Me kan bruke dei, grunne på dei og lata livet berike av dei. Så erfarer me gjerne sjølve det som me kan lesa om: At Gudsordet gjer noko, verkar til noko og skapar noko nytt som ikkje var der ifrå før.
Gudsordet treng eit hjarte å vekse i – og hjarta vårt treng Gudsordet for å leva i harmoni med vår himmelske far, med oss sjølve og med kvarandre. Gudsordet er ein berikelse for oss.
Og er Gudsordet ein berikelse for oss i lønnkammeret, så er det endå meir til oppbyggelse når me deler og meddeler, når me er fleire i lag om denne vår største rikdom. Mindre alene sammen – det er så sant det er sagt.
For i Kristus er me kalla til å stå i lag: Me og den kyrkja me høyrer til i er Jesu Kristi kropp i verda. I leseteksta frå Filipparbrevet vart me mint om kva det er, dette fellesskapet vårt: Det er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, medkjensle og miskunn. Dette fellesskapet er vårt, her i Øvre Rindal kapell. Lat oss sjå stort på det og bli oppmuntra av korleis det er – me som har gudsteneste i lag med det beste livet har gjeve oss.
Jesus var vel den fremste til å vita at livet ikkje berre er enkelt alltid. Han ser også at livet til oss som vil vera disiplar – då som no – ikkje berre skulle koma til å vera prega av optimisme og mot.
Er det slik at det me trudde me hadde kan synast tapt, finst det eit Jesus-ord som kan imøtegå den slags tankegang: Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.
Orda fall under skuggane frå Langfredag som nærma seg minutt for minutt, men utfallet er tydeleg nok: Så de kan bli born av lyset. Det er dette kallet disiplane fekk og som også er vårt: Me skal vera born av lyset. Nei, me skal ikkje vandre i mørkret, men ha lys frå Jesus, hans liv og trua på han.
Som menigheit dyrkar me ikkje Jesu minne. Me er ikkje ein minneforening om ein for lengst avdød, historisk kar. Trua vår handlar ikkje om fråværet til ein som har reist for godt for eit par tusen år sidan, men nærværet til han som er. Nærværet til han som er no. Han som er her. Han som er mellom oss og i oss.
Jesus Kristus kan fremdeles krysse grensa mellom det som er og det som ikkje er, mellom verda som er vår og livsbetingelsane som er våre – og den ukjente verda som me kallar for himmelen og ikkje heilt forstår kvar er eller korleis den er.
Jesus er over alt, - både her og der, både på jorda og i himmelen.
Han er mellom oss, han er i lovsongen, i våre bønerop av Kyrie eleison, Herre miskunne deg, i Ordet sitt, i bøna, i forkynninga, i brød og vin ved altarringen – og ikkje minst: Jesus er i hjarta vårt og tankane våre.
Jesus er her, han ber med oss og han bèr oss og heile si kristne kyrkje over alt og like heim der han gjer alle ting nye.
Lyset du treng finst. Amen.