Picasa

Lufta er for alle - men alle var ikkje der

Konserten i Rindal kirke fredag hadde heilt klart fortent fleire tilhørarar, men dei som var der, viste tydeleg at dei sette pris på det dei fekk oppleve. Musikarane delte av musikkgleda si med oss ved å presentere eit variert og godt samansett program.

Arena:Kirke inviterte fredag til den tredje konserten i år, og fleire skal det bli, lova arrangementskomitéen.

Musikkorpset Blæst'n opna konserten med "Hernandos Hideaway", ein frisk tango frå 1954, som etter dirigent Olav Morten Tørset si meining var heilt ok – utan tekst. Kanskje han da tenkte på teksta Vazelina Bilopphøggers har skrive til denne melodien...

Korpset heldt fram med enda ein tango, "Ave Maria no morro", kjent for mange heilt frå tida i skulemusikken, og dei avslutta denne avdelinga med "Det er makt i de foldede hender", der dei fekk hjelp av kantor Daniel Bjørlo og fylte kyrkjerommet med vellyd.


Daniel hadde klart mest notar å halde styr på!

Neste avdeling kom frå galleriet med Sommerros "Vårsøg" med kantoren på orgel og Hilde Staveli på fløyte. 

Jørn Bjørnås på saksofon akkompagnert av orgelet framførte så Nils Färlins klassikar "Men går jag över ängarna". Her var det rein og klar godlyd heile vegen!

Avdelinga med Jeanette Paulsen og Jo Ranheim i sentrum opna med visa "Når himmelen faller ned" (Anne Grete Preus). Den førte oss tilbake til ei årstid vi mesta ikkje opplevde i år, - før no, for framføringa av denne visa fekk oss mesta til å kjenne snøfnugga som dala ned.

Vi fekk så ei tolking av "Kaisas sang" av Ole Paus, også kjent frå Vamp. Vi er i det rolege hjørnet i kveld, sa Jo Ranheim, før dei framførte salmen "Lær meg å kjenne dine veier", der Jo verka sterkt Paus-inspirert i det første verset. Saman gav dei oss ei varm og personleg framføring av salmen.

Så fekk dei med seg heile Blæst'n på salmen "Hvor er det godt at lande" av Brorson i Jo Ranheims første - og foreløpig siste arrangement for korps.

Kantor Daniel Bjørlo var i det klassiske hjørnet da han inntok pianokrakken, fylte heile notebrettet med notar og akkompagnerte Hilde Staveli Solli på fløyte i Gabriel Faurés "Sicilienne". Vakkert!



Jørn Bjørnås fekk med seg Einar Lillegård på bass, Daniel Bjørlo på piano og Magne Lillegård på slagverk på denne avdelinga - eit nytt band oppstod!

Jørn Bjørnås ville framføre ein melodi han hadde lasta ned frå nettet, "Dreams of You". Han tykte den var litt rar til å begynne med, men så begynte han å like den, fortalte han. Den hadde ein litt spesiell rytme, men han og Daniel gav oss ei framføring som korkje var rar eller urytmisk, for her hadde vi ikkje med nybegynnarar å gjere!

Geroge Gerschwin skreiv arien Summertime til operaen Porgy and Bess. Jørn Bjørnås og Daniel Bjørlo varma oss og gav oss sommarkjensle inne i kyrkja med framføringa si på saksofon og piano.

Den amerikanske pianisten Keith Jarrett skreiv i 1978 låta "My Song" for albumet med same namn. Der spela rennbyggen Jan Garbarek (mor fra Rennebu) saksofon. Vi fekk høre same melodien, men med meldalingen Jørn på saksofon og rindalingen Daniel på piano.

Tonane til "Domen" som Jan Magne Førde skreiv til Nidarosdomen, passar like godt til Rindalskjerka, var mange enige om etter framføringa til Blæst'n med dirigent Olav Morten Tørset som solist på flygelhorn.

Ein ny låt frå Vamp fylte kyrkjerommet, "Liten fuggel", eller "Littin fåggel", som Olav Morten sa.

Til slutt spela Blæst'n "You’ll Never Walk Alone", ein song som Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II skreiv for Broadway-musikalen Carousel i 1945. Dette er ikkje ein fotballsong, skal dokk vite, sa Olav Morten Tørset. I USA er den populær i mange kyrkjesamfunn og står i mange salmebøker. Det tek sjølvsagt ikkje vekk glansen av songen for Liverpooltilhengarane!

Vi ser fram til dei neste konsertane komitéen i Arena:Kirke har i ermet; det blir først i juni, seinare i Kulturvøkku og under bispevisitasen i Rindal sist i september!