Lucia-konsert i Øye kyrkje
Barnekoret Jubilate inviterer til ei fin markering av Lucia-dagen i Øye kyrkje fredag kveld kl.18. Jentene syng Lucia-/julesongar til inntekt for dei katastrofe ramma på Fillipinene. Diakonleiar Kirsti Hjørnevik held andakt og vi syng saman nokre julesongar! Etterpå vert det servering av gløgg og lussekattar baka av jentene i koret.
Velkomne til ei fin stund i kyrkja.